Introduksjon
CC BY-SA 4.0Ytringsfridom er ein menneskerett og eit vilkår for at eit demokrati skal fungere, men kva med dei som ikkje er i stand til å ytre seg offentleg?
Når du har jobba med denne læringsstien, skal du
- forstå kva det inneber å ha stemmerett, og kvifor det er viktig for demokratiet at alle stemmer blir høyrde
- kjenne til ulike grupper i samfunnet som sjeldan kjem til orde i den offentlege samtalen
- ha sett deg grundig inn i ein rapport om ungdom og ytringsfridom
- kunne reflektere over korleis du sjølv kan vise ytringsansvar og bidra til at dei stemmelause får ei stemme