Hopp til innhald
Læringssti

Du er no inne i ein læringssti:
Internasjonal medieøkonomi og globale aktørar

Fagartikkel

Internasjonal mediestruktur og globalisering

Dei store globale medieselskapa blir stadig større, og mediedistribusjon har blitt viktigare. Her lærer du meir om selskapa som pregar den internasjonale mediestrukturen.

På veg mot ein global landsby?

Den internasjonale mediestrukturen er i dag prega av store globale selskap, og kommersialisering og er framståande. Medium smeltar saman, mediestraumane kryssar landegrensene, og aukar.

Utviklinga av informasjonsteknologien har ført til at menneske frå ulike delar av verda i dag er knytte tettare til kvarandre enn før. Denne utviklinga har skjedd parallelt med utviklinga av ein global økonomi.

Distribusjonsleddet har blitt viktigare

Teknologi har alltid blitt brukt for å støtte opp om strategien og forretningsmodellen til medieselskapa. Det nye er at distribusjonsleddet har blitt eit konkurransemessig fortrinn. Vi kan seie at mediedistribusjon har blitt sentrum (noden) for korleis verdiane blir skapte, i samspel med , medieinnhald og mediekonsum. Drivkrafta her er digitaliseringa.

Selskap som Meta, Netflix og Spotify har i dag unike posisjonar som plattformer for å kople deg og meg som brukarar til innhaldet – samtidig som dei koplar oss som brukarar til annonsørar og knyter oss til andre brukarar. Dei dataa som vi brukarane legg frå oss, er det som er verdifullt. Desse dataa bruker selskapa for å tiltrekkje seg annonsørar og skreddarsy innhaldet sitt til deg og meg.

Dei største medieselskapa

Det tyske instituttet for medie- og kommunikasjonsstrategi (IfM) har laga ei oversikt over dei 50 største medieselskapa globalt. La oss ta ein titt på denne oversikta:

Nr.

Namn

Nasjon

Type selskap

Omsetning 2020

Kommentar

1

Alphabet

USA

Søkjemotor og programvare.
Teknologiselskap.
Annonseselskap.

182 milliardar dollar

Google skifta namn til Alphabet i 2015. Eig søkjemotoren Google og plattforma YouTube. 83 % av inntektene frå annonsar (2019).

2

AT&T

USA

Telekommunikasjon, film- og tv- produksjon, satellitt-tv, strøymetenester og annonsar.
Produksjon og distribusjon.

171 milliardar dollar

Selskapet kjøpte opp Time Warner i 2018 for 85 milliardar dollar.

3

Comcast

USA

Kabelnettverk, tv, telekommunikasjon og filmproduksjon.
Produksjon og distribusjon.

103 milliardar dollar

Selskapet slo seg saman med NBCUniversal i 2011. Eig 2 tv-nettverk, 26 tv-stasjonar, 20 kabelkanalar og filmprodusjons-selskapet Universal.

4

Meta

USA

Sosiale medium og kommunikasjon.
Teknologiselskap.
Annonseselskap.

85 milliardar dollar

Selskapet skifta namn frå Facebook til Meta i november 2021. Eig dei sosiale media Facebook, Instagram, Messenger og WhatsApp. 98,5 % av inntektene kjem frå annonsar (2019).

5

Tencent

Kina

Sosiale medium, nettspel og e-handel.
Teknologiselskap.
Annonseselskap.

69 milliardar dollar

Selskapet eig WeChat, QQ og 12 % av Snapchat. 18 % av inntektene kom frå annonsar (2019).

6

Disney

USA

Film, tv-kanalar, tv-produksjon, tv-stasjonar, video/dvd, radio, videospel, bøker, magasin, temaparkar og hotell.
Produksjon og distribusjon.

65 milliardar dollar

Selskapet tok i 2019 over filmselskapet
21st Century Fox.

7

Apple

USA

Strøymetenester for musikk og film, tv-produksjon og lisenssal.
Teknologiselskap.
Produksjon og distribusjon.

53 milliardar dollar

Selskapet starta opp med Apple TV + i november 2019.

8

Charter Communications

USA

Kabelnettverk og video-on-demand. Telekommunikasjon.
Distribusjon.

48 milliardar dollar

Selskapet satsar på breiband. Tilbyr GoITV på kabelnettverket med fotball frå Latin-Amerika og Europa.

9

Sony

Japan

Film, musikk og spel. Lyd, video og tv. Produksjon og distribusjon.

35 milliardar dollar

Selskapet er det tredje største i Japan innan forbrukarelektronikk.

10

Amazon

USA

Netthandel, video- og strøymetenester og skytenester.
Teknologiselskap.

33 milliardar dollar (2019)

Selskapet er store på netthandel.
Eig Amazon Prime Video, Alexa Internet, Amazon Kindle og Internet Movie Database (IMDb).

12

Viacom

USA

Tv-stasjonar, radio, tv-produksjon, utandørsannonsar og bøker.
Produksjon.

25 milliardar dollar

I 2019 blei CBS og Viacom slegne saman. 22 % av det som blir konsumert på tv i USA, går via deira kanalar/plattformer.

13

Netflix

USA

Strøymeteneste for filmar m.m.
Distribusjon.

25 milliardar dollar

Ved utgangen av 2020 hadde selskapet 204 millionar betalande abonnentar globalt.

15

News Corp.

USA

Aviser, bøker, filmproduksjon og tv. Produksjon.

21 milliardar dollar (2019)

Hovudeigar er Rupert Murdoch. Fox News er den viktigaste nyheitskanalen i USA.
Eig store tabloidaviser i Storbritannia og Australia.

18

Bertelsmann

Tyskland

Bøker, programvare, tv-kanalar, radiostasjonar og aviser.
Produksjon og distribusjon.

19 milliardar dollar

Bertelsmann er Europas største medieselskap. Etablert i 50 land med over
106 000 tilsette.

27

Discovery

USA

Produsent av tv-innhald og distributør av dette innhaldet.
Produksjon og distribusjon.

11 milliardar dollar

Selskapet distribuerer tv-program på 38 språk til 170 land.

35

Spotify

Sverige

Strøymeteneste for musikk.
Distribusjon.

8 milliardar dollar

Selskapet er svensk og blei lansert i 2008. Hadde 144 millionar betalande abonnentar og 320 millionar aktive brukarar (inkludert gratisversjonen)
i 2020.

Kjelda til tabellen er IfM: Media Data Base.

Studer tabellen

Sjå på oversikta over dei største medieselskapa i tabellen.

Kan du finne døme på selskap der mediedistribusjon har blitt kjernen i verdiskapingsprosessen?

Enorm omsetning og tett eigarskap

Dei største medieselskapa omset for enorme summar. Verdien av dei fire store selskapa Apple, Amazon, Alphabet og Meta er større enn Frankrikes . Selskapa har med andre ord stor økonomisk makt.

Åtte av dei ti største globale aktørane i medieverda i dag kjem frå USA. Mange av dei store medieselskapa har dei same aksjeeigarane, dei eig delar av kvarandre, og dei har styreselskap som samarbeider. Selskapa er òg tett knytte til andre nettverk innan finans, teknologi, kultur og politikk.

Samtidig ser vi at det her er ulike typar medieselskap vi snakkar om. Selskap som Apple og Microsoft er typiske teknologiselskap. Alphabet og Meta er teknologiselskap som får hovudinntektene sine frå annonsar. Andre selskap, som Comcast, Disney og News Corp., er store produksjonsselskap. Men i stor grad er dei alle medieselskap som har eit breitt spekter, frå produksjon til distribusjon av innhald.

Kjelder

Aalen, I. & Iversen, M.H. (2021). Sosiale medier. Fagbokforlaget.

Institute of Media and Communication Policy (IfM). Media Data Base. Henta 10. desember 2021 frå https://www.mediadb.eu/en.html

Kalsnes, B. & Pettersen, L. (2019). Algoritmer, analysedata og automatisering i det digitale medielandskapet – en avkledningsmanøver. Norsk medietidsskrift, 26(01), 1–10.

CC BY-SA 4.0Skrive av Jan-Arve Overland.
Sist fagleg oppdatert 10.12.2021