Fellesskap, inkludering og tilhøyrsel
Likeverd og inkludering er sentrale verdiar i danninga av barn og unge i samfunnet. Det inneber at alle menneske har same verdi og skal ha like moglegheiter til deltaking uansett bakgrunn og særpreg. Alle skal oppleve å vere akseptert i fellesskapet, og ingen skal stå utanfor.
Inkludering er ein verdi, ei haldning vi har. Det handlar om at barn og unge skal ha ei reell moglegheit til å delta i fellesskapet. Dei skal få oppleve tilhøyrsel i leik, aktivitetar og daglege gjeremål. Dei skal kjenne at dei høyrer til, at dei er ønskte og verdsette, og at dei er viktige deltakarar i fellesskapet.
Målet med inkludering er ikkje likskap, men at alle har lik rett til å delta og oppleve kjensla av å vere inkludert. Alle skal kunne kjenne tilhøyrsel til det fellesskapet kan tilby av moglegheiter og plikter.
For at barn og unge skal oppleve inkludering og tilhøyrsel, krevst det at vi har tiltru til at dei kan vere deltakarar i fellesskapet. Som barne- og ungdomsarbeidar må inkludering vere ein del av tenkjemåten din, og som rollemodell må du jobbe for inkludering i alle situasjonar. Dette er ei haldning og ein veremåte.
Du må sjå kva ressursar barnet har, og du må jobbe for å styrkje dei personlege føresetnadene til barn og unge til å kunne og ville søkje tilgang til fellesskapet. Barn og unge som ikkje opplever tilhøyrsel og ikkje kjenner seg inkluderte, kan oppleve einsemd og isolasjon. Det kan vere negativt for den psykiske helsa til den enkelte.
Universell utforming handlar om dei praktiske sidene ved deltaking i samfunnet. Det vil seie at ein planlegg produkt, omgivnader, program og tenester slik at dei kan brukast av så mange menneske som mogleg på ein likeverdig måte. Formålet med universell utforming er å gi menneske med nedsett funksjonsevne dei same moglegheitene til samfunnsdeltaking som alle andre.
I tillegg handlar universell utforming om å skape eit meir inkluderande samfunn gjennom løysingar som er naudsynte for nokon, men bra for alle. Døme på dette kan til dømes vere trinnfri tilkomst til transportmiddel og bygningar, teksting og synstolking av filmar og personleg service i tillegg til sjølvbetening.
I filmen om Vetle får du sjå kva betyding universell utforming har for deltakinga hans i kvardagslivet.
Det er dei vaksne sitt ansvar å jobbe for å inkludere alle i det fellesskapet vi er ein del av, slik at barn og unge får oppleve tilhøyrsel. Vi må byggje gode relasjonar til alle barn og unge, òg til dei som treng ekstra hjelp og støtte.
Vi må ønskje å finne ut av kven det er vi møter. Vi må ta initiativ og vise at vi ønskjer å bli kjende, og at vi vil vite meir om dei vi møter. Kva er tankane, ideane, interessene og kompetansen deira? Vi må møte barn og unge med eit glødande engasjement, omsorg og nærvær akkurat no. Vi må stille opne spørsmål og vere nysgjerrige på den vi møter. På den måten vil barn og unge oppleve at dei er viktige i relasjonen og i fellesskapet, og det bidreg til å skape tryggleik.
Vi må vise at alle menneske er like viktige i fellesskapet. Gode vaksne er opptekne av at barn og unge skal lykkast. Ein god vaksen
lyttar til barna og er på lag med dei
skaper kvardagsmagi og bidreg til at barna meistrar nye oppgåver ved å løfte dei fram
sørgjer for å heve statusen hos barn som har behov for det i ei gruppe
leiter etter kva kunnskapar og ferdigheiter barna har, og ser ikkje etter manglar
bruker ressursane og interessene barna har og byggjer på desse når dei skal hjelpe og støtte barna
Utfordringar til deg
Kva erfaringar har du med inkludering?
Korleis kan du jobbe for å inkludere alle i barnehage, SFO eller skule?
Kva tenkjer du at det offentlege og samfunnet må gjere for å verkeleggjere inkludering?
Inkludering kan bidra til å førebyggje mobbing, kva tenkjer du er grunnen til det?
Befring, E. (2016). Grunnbok i spesialpedagogikk. Universitetsforlaget.
Lid, I. M. (2020, 25. februar). Universell utforming. I Store norske leksikon. https://snl.no/universell_utforming