Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Tryggleikslærling i Forsvaret

I denne oppgåva skal du høyre korleis det er å vere tryggleikslærling i Forsvaret. Kunne du tenkje deg å ta lærlingtida di i Forsvaret?

Oppgåve

Mann med briller held eit ark med teksten "Serviceyrka". Fargerike smilefjes omringar hovudet til mannen.
Serviceyrka

Sikkerheitslærling i Forsvaret

Korleis er det å vere sikkerheitslærling i Forsvaret? Henning Aasen, som er lærlingkoordinator i Forsvaret, tek ein prat med programleiar Andreas Veie-Rosvoll om nettopp dette.

0:00
-0:00

Høyr gjennom podkasten, og finn svar på desse spørsmåla:

  1. Kva krav blir stilte til tryggingslærlingar i Forsvaret?

  2. Korleis går søknadsprosessen føre seg når du skal søkje lærlingplass i Forsvaret?

  3. Kvar kan du jobbe etter fullført læretid i Forsvaret?

  4. Kva er forskjellen på å vere tilsett og å vere lærling i Forsvaret?


Drøft

  • Det blir stilt krav til rekruttar til Forsvaret. Samtidig understrekar dei i podkasten at dei ikkje er ute etter supermenneske. Kva trur du dei meiner med det?

  • Lærlingar i Forsvaret får prøve fleire ulike arbeidsoppgåver. Synest du ein så variert arbeidskvardag verkar spennande? Kunne du tenkt deg å gjennomføre læretida i Forsvaret?


CC BY-SASkrive av Anki Olsen.
Sist fagleg oppdatert 15.06.2021

Læringsressursar

Yrke innan service, sikkerheit og administrasjon