Hopp til innhald

Fagstoff

Smed

Ein smed utformar verktøy, reiskapar, låsar, beslag og kunst i ulike jern- og stålkvalitetar. Som smed vidarefører du gamle handverkstradisjonar, samtidig som du bruker moderne verktøy og metodar til nyproduksjon, restaurering og rehabilitering.
Smedarbeid. Glødande emne blir slått mot ambolt. Foto.

Ein smed har høg kompetanse innan bruk av ulike metallar og ståltypar. Faget er praktisk og kreativt. Du lærer ulike teknikkar og metodar som stuking, strekking, kløyving, skjering, sveising, herding og filing.

Du bør vere praktisk anlagt og ha interesse for estetikk og formgiving. Å visualisere idéar og løysingar ved hjelp av teikning, og å forstå teknisk teikning, er ein del av produktutviklinga.

Dekorativt gjerde i metall. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge


Utdanning

Utdanninga for å bli smed er to år i vidaregåande skule og to år i lære i bedrift. Det første året tek du Vg1 handverk, design og produktutvikling eller Vg1 teknologi- og industrifag. Det andre året vel du Vg2 smedfaget. Dette er ei landslinje. Dersom du ønskjer å ta vidareutdanning etter å ha fått nok praksis, kan du òg ta meisterbrev i smedfaget.

Relatert innhald

Å smi er å gi eit metall ei ny form ved hjelp av hammararbeid. Du jobbar plastisk med metallet. I filmen får du demonstrert kaldsmiing.

CC BY-SASkrive av Kristine Kandal-Ilagsmoen.
Sist fagleg oppdatert 25.03.2021

Læringsressursar

Smed