Hopp til innhald

Fagstoff

Tredreiar

Ein tredreiar lagar dreidde produkt i tre til bygg og innreiing ved hjelp av dreiebenk og ulike dreiejern.
Ei treskål blir laga ved hjelp av dreiebenk og dreiejern. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Tredreiarar skaper nye produkt og arbeider med reparasjonar og restaurering av møblar. Då lagar dei gjerne kopiar av originale delar. I arbeidet blir det brukt ulike typar verktøy og maskiner som dreiebenk, fresemaskiner og treomarbeidingsmaskiner. Nokon nyttar òg datastyrte dreiebenkar.

Eigenskapar

Trefat og treskåler på eit bord. Foto.

Du må ha kompetanse om materialeigenskapar og tørketeknikkar for dei vanlegaste tresortane, som bjørk, bøk, ask, eik, furu og gran. Som tredreiar må du ha gode handverksferdigheiter og meistre dei ulike dreieteknikkane.

Utdanning

Dåse med lokk i tre, dekorert i raudt, kvitt og svart. Foto.

Utdanninga for å bli tredreiar er to år i vidaregåande skule og to år i lære i bedrift. Det første året tek du Vg1 handverk, design og produktutvikling eller Vg1 teknologi- og industrifag eller Vg1 bygg- og anleggsteknikk. Det andre året vel du Vg2 trearbeid. Fullført og bestått opplæring fører fram til sveinebrev. Yrkestittelen er tredreiar.

Relatert innhald

CC BY-SASkrive av Kristine Kandal-Ilagsmoen. Rettshavar: NRK
Sist fagleg oppdatert 07.01.2020

Læringsressursar

Trearbeid