Hopp til innhald

Fagstoff

Trearbeid

Trearbeidsfaga omfattar alt frå tradisjonelt handverk i små bedrifter, til moderne produksjon av ulike trebaserte produkt. Du lærar om ulike materialar og teknikkar innanfor design og trearbeid, og skal øve opp dugleik i bruk av verktøy og maskiner.
Hender som skjer ut tredekor. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Trearbeidsfag

Trearbeidsfaga byggjer på lange tradisjonar. Gjennom opplæringa skal du lære om ulike materialar og teknikkar innanfor design og trearbeid. Det kan vere framstilling av møblar, trevarer, innreiingar, pryd- og bruksgjenstandar av tre og trebaserte materialar. Tre kan også bli kominert med andre materialar som plast, metall og andre naturmaterialar. Fokus i utdanninga er praktisk arbeid med bruk av maskiner, verktøy og utstyr som er relevante for tre og trebaserte materialar og produkt.

Utdanning

Etter handverk, design og produktutvikling Vg1 kan du ta utdanning i trearbeid på Vg2. Etterpå kan du spesialisere deg i eitt av lærefaga gjennom to år i bedrift. Alternativt kan du ta påbygging til generell studiekompetanse som eit tredje studieår.

Dei fem faga du kan velje å spesialisere deg i vidare etter Vg2 trearbeid, er:

  1. Bøkkarfaget: Bøkkaren lagar tønner, kar og annan emballasje av trevarer.
  2. Møbelsnikkarfaget: Møbelsnikkaren produserer nye eller reparerer gamle møblar.
  3. Orgelbyggjarfaget: Orgelbyggjaren byggjer, installerer, reparerer, restaurerer og vedlikeheld orgel.
  4. Tredreiarfaget: Tredreiaren dreier produkt i tre ved hjelp av ein dreiebenk.
  5. Treskjerarfaget: Treskjeraren skaper ornament, bilete, figurar og skulpturar i tre.

Felles for opplæringa i desse faga er at du må ha gode materialkunnskapar og godt handlag. Du bør vere nøyaktig og ha både praktisk og estetisk sans. Skal du arbeide med restaureringsarbeid, må du ha kunnskapar om stilhistorie og estetiske tradisjonar. Du skal også kunne utarbeide skisse- og arbeidsteikningar. Dataassisterte teikneprogram kan vere eit godt hjelpemiddel du må lære deg å bruke.

Du må også lære deg å vere kreativ når det gjeld tekniske løysingar, materialbruk, teknikkar og visuelt uttrykk. Du skal lære å velje farge, dekor og overflatebehandling etter bruksområde. Då må du også vurdere helse-, miljø- og tryggingsforhold som vedkjem bruk og oppbevaring av kjemiske produkt.

Relatert innhald

CC BY-SASkrive av Svein Sandnes. Rettshavar: NRK
Sist fagleg oppdatert 03.03.2017

Læringsressursar

Trearbeid