Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Konsekvensar av djupfeikar

Djupfeikar (deepfakes) bruker kunstig intelligens for å manipulere og endre på video- og lydmateriale. Korleis kan dette brukast til å påverke deg og vennene dine? I denne oppgåva skal du sjå nærare på denne teknologien.

Djupfeikar bruker innovativ teknologi, som kunstig intelligens, for å manipulere og endre på video- og lydmateriale. Dette kan få konsekvensar både for deg som enkeltindivid og for demokratiet vårt. Sjå videoen frå Medietilsynet:

Diskuter desse spørsmåla

  1. Kva konsekvensar kan djupfeikar få for deg som enkeltindivid?
  2. Kva konsekvensar kan djupfeikar få for demokratiet vårt?
  3. Korleis kan ein avsløre djupfeikar?
  4. Korleis trur de djupfeik-teknologien vil utvikle seg i framtida?
CC BY-SASkrive av Eva Sophie Wolff-Hansen.
Sist fagleg oppdatert 08.12.2020

Læringsressursar

Kunstig intelligens – kritisk tenking og etiske problemstillingar