Film: Kritisk tilnærming til praterobotar
Sjå filmen
I filmen testar elevar ut politiske råd og venneførespurnader i ulike praterobotar og fortel oss om erfaringane sine. Vi møter òg to ekspertar, Leonora Onarheim Bergsjø og Morten Goodwin, som kommenterer og orienterer om ulike sider ved praterobotar.
Kva meiner du er det viktigaste ekspertane seier om praterobotar?
Øv på ei kritisk tilnærming til praterobotar
1. Be om politiske råd
Test ut om ein praterobot vil gi deg råd om kva parti du skal stemme på.
Klarer du å omgå sensuren?
På kva måtar kan ein praterobot påverke deg?
2. Bli venn
Test ut om ein praterobot vil bli vennen din.
Klarer du å omgå sensuren?
Del svara frå prateroboten med ein medelev.
3. Samanfatt og diskuter i klassen
Korleis kan praterobotar gi råd?
Korleis kan praterobotar vere ein venn?
Kva meiner de er ei god kritisk tilnærming til praterobotar?