Hopp til innhald

Litterære tekstar

Čurves munnje! Rop til meg!

"Čurves munnje" (Rop til meg) er ein song av bandet ISÁK, som består av vokalist Ella Marie Hætta Isaksen, produsent Daniel Eriksen og trommeslagar Aleksander Kostopoulos.

Sjå ISÁKs framføring av "Čurves munnje" på Youtube. Opptaket er frå ein påskefestival i Kautokeino. Slik ser teksten ut i original språkdrakt:

Čurves munnje

Lean dolvojuvvon eret, lean
lahppon
In šat gávnna ruovttoluotta
dohko gosa gulan
In šat gávnna ruoktot, go
don leat vajálduhttán mu

Čurves munnje nu ahte álkit
sáhtan guorrat luottaid
Čurves munnje ja nu don
doalvvut mu fas iežat lusa

Lean vuorddašan
dál guhká, lean ozus
In šat gávnna jeđđehusa
Leango jávkan dál?

In šat gávnna ruoktot go
don leat
vajalduhttan mu

Heioleio ándagassii go mun luiten du

Norsk omsetjing: Rop til meg!

Rop til meg!

Eg er bortført
eg er på villspor
Eg finn ikkje attende dit eg høyrer til
Eg finn ikkje vegen heim
fordi du har gløymt meg

Rop til meg så eg lettare
kan følgje spora tilbake
Rop til meg og ta meg
heim til deg

Eg har venta lenge no
eg er på leit
Eg finn inga trøyst lenger
Er eg forsvunnen?
Eg finn ikkje vegen heim
fordi du har gløymt meg

Heioleilo unnskyld for at eg let deg gå

Forfattar: Ella Marie Hætta Isaksen. Teksten er publisert med tillating frå forfattaren. Lisens: Copyright

Tenk etter

Du veit no kven som har laga songen og har høyrt han framført på originalspråket. Bruk tre minutt og skriv nokre setningar om eg-et i diktet:

  • Kan du kjenne deg att i kjenslene som vert skildra i teksten?
  • Kven eller kva trur du eg-et er redd for å miste?
  • Oppfattar du teksten framleis på same måten som då du las han for første gong?

Relatert innhald

CC BY-SASkrive av Jorunn Øveland Nyhus.
Sist fagleg oppdatert 26.09.2018

Læringsressursar

Lyrisk dikting