For eller får?
Under ser du to setningar med riktig bruk av for og får. Klarer du å forklare med eigne ord når du skal bruke for, og når du skal bruke får?
Tips: Det kan løne seg å prøve å plassere dei i ordklassar.
- Eg får vel gå heim no.
- Du har for mange planar.
- Å få – no får – i går fekk – har fått.
- Eg (S) får ikkje lov til å gå aleine. (i betydinga "lov til").
- Du (S) får ei pakke i posten. ("få").
- Vi (S) får sjå om han vinn kampen laurdag ("komme til å").
For kan vere ein preposisjon.Vi kan bruke det i mange ulike betydingar, men det som er felles for dei alle, er at ordet for er ubøyeleg:
- Det var vanskeleg for henne å spørje om hjelp.
- Eg jobbar for eit advokatfirma i Trondheim.
I tillegg kan for vere ein konjunksjon. Det betyr at vi bruker det til å binde saman setningar. Vi pleier å bruke for når vi skal fortelje om årsaka til noko:
- Ho kom for å ordne opp i problema.
Tips: Sjekk om du kan bøye ordet. Dersom det er mogleg å bøye det, skal du bruke får. Set setninga i fortid, altså den forma du set "i går" framfor for å sjekke:
Døme: I desse setningane fungerer det fint med fekk:
- Eg får/fekk ikkje lov til å gå aleine.
- Du får/fekk ei pakke i posten.
Men i desse blir det heilt gale:
- Det var vanskeleg for/fekk henne å spørje om hjelp.
- Eg jobbar for/fekk eit advokatfirma i Trondheim.
- Ho kom for/ fekk å ordne opp i problema.
Får kan òg bety sau. Då er det eit substantiv:
- Bonden har mange får gåande ute på beite.
Skriv du for med ein tøddel over, fôr, er det mat du gir til dyr. Også då er det eit substantiv:
- Mange får for mykje fôr. Då blir dei tjukke.