Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Stor eller liten forbokstav?

Skriv du Norsk eller norsk? Og kva med Måndag eller måndag? Desse oppgåvene tek for seg nokre vanlege feil ved bruk av liten og stor forbokstav.

Oppgåve 1 – Eigennamn

  1. Sjekk deg sjølv først. Trykk på alle orda i teksten over som du meiner har feil forbokstav.
  2. Under ser du ei liste over somme av orda i øvinga over. Dei til venstre skal ha stor forbokstav, dei til høgre liten. Klarer du å forklare kvifor det er slik?
stor eller liten forbokstav

Stor forbokstav

Liten forbokstav

  • Henrik
  • Ibsen
  • Skien
  • Agder
  • Arbins gate
  • Grand hotell
  • apotekarlærling
  • sør
  • gate
Løysing

Svaret er at orda til venstre er eigennamn, medan orda til høgre ikkje er det.

Kva er eigennamn?

Eigennamn er namn som er særeigent for den/det som har dette namnet: bygningar (Grand hotell, Stortinget), personar (Henrik Ibsen), geografiske stader (Skien, Agder) og aviser/tidsskrift (Dagbladet).

På norsk skal du alltid skrive eigennamn med stor bokstav. Eit tips for å finne ut av om eit ord er eit eigennamn eller ikkje er å tenkje: "Kan eg telje det?". Om det er noko det berre er eitt av, som til dømes "Grand hotell", er det eit eigennamn.

Viss det er eit substantiv du kan bøye, altså setje i fleirtal (fleire hotell, men berre eitt Grand hotell), er det eit fellesnamn. Desse skal skrivast med liten forbokstav.

Forstod du regelen over? Prøv deg på oppgåva under for å sjekke.

Oppgåve 2

Oppgåve 3 – nasjonalitet, språk og land

Oppgåve 4 – månader, år og høgtider

Kva kan du frå før? Sjekk deg sjølv i oppgåva under. I den første setninga skal du fylle ut den manglande bokstaven, stor eller liten, i to norske setningar. I den andre skal du skrive forbokstaven i to engelske setningar.

Grunnen til at du både skal skrive engelsk og norsk, er at ei vanleg årsak til mange feil med forbokstavar, er at vi blandar norske og engelske skrivereglar.

Kva lærte du av testen over? Fyll ut det manglande ordet i reglane om bruk av stor og liten forbokstav i månader, år og høgtider i oppgåva under:

Oppgåve 5

Oppgåve 6

Oppgåve 7 – oppsummer det du har lært

Finn ein medelev som meiner hen meistrar stor og liten forbokstav. Få hen til å skrive ned minst tjue ord som har nemninga:

  1. eigennamn
  2. land
  3. nasjonalitet
  4. språk
  5. vekedagar
  6. månader

Etterpå skal medeleven din lese opp orda i tilfeldig rekkjefølgje. Det er om å gjere for deg å svare "liten!" eller "stor!" hurtigast mogleg. Men hugs: Det er viktigare å få det rett enn å vere rask.

Medeleven rettar på deg om du gjer noko gale. Gjer det om igjen til det sit.

Oppgåve 8

Skal du skrive ordet med stor eller liten forbokstav? Dra det til riktig boks.

CC BY-SASkrive av Åsa Abusland.
Sist fagleg oppdatert 13.12.2019

Læringsressursar

Skriv korrekt og god norsk!