Ein dynamisk diskusjon om ei novelle
Målet med denne oppgåva er todelt:
- De skal diskutere ei novelle og prøve å få innsikt i kva ho vil formidle.
- De skal sjå om det å byte på gruppemedlemar i diskusjonen kan vere ein god teknikk når de diskuterer litteratur.
- Les novella "(utan tittel)" av Roskva Koritzinsky på nettsida Forfatternes klimaaksjon.
- Skriv fritt i fem fem minutt om kva du meiner novella handlar om.
- Kvifor er hovudpersonen så trist? Skriv ned ei setning frå novella som du meiner viser årsaka til at ho er trist.
Sit i grupper på fire–seks personar. Diskuter spørsmålet:
- Kva handlar denne novella eigentleg om?
- Kvifor er hovudpersonen trist?
Byt på gruppene. To av gruppemedlemane går til ei anna gruppe, slik at alle gruppene blir nye.
- Fortel kvarandre kva de kom fram til på det første spørsmålet i dei ulike gruppene.
- Diskuter: Kven trur de hovudpersonen har mista? Og er det viktigaste i denne novella dette tapet eller angsten for klima?
Byt grupper igjen. Denne gongen skal to gruppemedlemar som ikkje flytta seg sist gong, byte gruppe.
- Fortel kvarandre kva de har svart på dei to tidlegare spørsmåla.
- Diskuter Dag sitt utsegn i novella: "Verden er i ferd med å gå under, og her kildesorterer vi som galninger mens myndighetene ikke gjør en dritt". Er de einige i det Dag seier?
Byt grupper for siste gong.
- Eitt avsnitt i novella, som er litt gåtefullt, handlar om kva hovudpersonane græt for. Diskuter i gruppa. Forstår de kva ho meiner med at ho græt for "bøkene", "bildene" og "bygningene"?
Jeg lukket øynene. Jeg forestilte meg en klode der det verken fantes mennesker eller dyr, en klode uten liv. Jeg tenkte på alle bildene som hadde blitt malt og alle bøkene som hadde blitt skrevet gjennom tidene. Jeg så for meg oversvømte museer og raserte bibliotek. Jeg var på gråten. Det var ikke menneskene eller dyrene jeg gråt for (hvor var de blitt av?), det var bøkene og bildene og bygningene, jeg gråt for dem.
Etter å ha diskutert med mange andre i klassen har du forhåpentlegvis fått mange ulike innfallsvinklar til novella. No skal du omarbeide desse inntrykka ved å skrive aleine.
- Ofte er avslutninga av ei novelle viktig å lese nøye. Les frå "Bare tenk på kloden som en person" og ut novella. Kva rolle speler denne avslutninga for kva du meiner er temaet i novella?
- Reflekter fritt rundt det du meiner er temaet i novella: Er det eit tema som du kan kjenne deg igjen i?
- Diskuter i klassen: Korleis likte de denne måten å diskutere litteratur på?
- Kva måtar synest de er gode for å snakke om litteratur med andre?
- Må vi snakke om litteratur, eller er det betre å sjå på det som ei personleg oppleving? Grunngi svaret.