Oppgåve
Samuel Massies "Hold fast!"
I boka Hold fast! fortel Samuel Massie om korleis han gjekk frå småkriminell bygut og skule-dropout, til utforskar på polarekspedisjonar.
Les tekstutdraget frå boka og svar på oppgåvene.
Relatert innhald
- Beskriv kort den ytre handlinga i teksten.
- Kva inntrykk får du av eg-forteljaren i dette utdraget? Kva er det i teksten som gir deg dette inntrykket?
- Samuel er på dette tidspunktet i boka på frilufts-folkehøgskule fordi han droppa ut av vidaregåande skule. Korleis kjem det fram i teksten? Kva slags forteljarteknisk grep bruker han?
- Korleis forklarer Samuel at det ikkje gjekk så bra på skulen?
- Teksten beskriv eit vendepunkt i livet hans. Kva er det som gjer at han får fyr på bålet til slutt?
- Kva betyr uttrykket "å smi si eiga lykke"? Kva tenkjer du om innhaldet i omgrepet? Er det alltid mogleg "å smi si eiga lykke"?
- Forteljarstilen i teksten er munnleg i forma. Finn døme på det i teksten. Kva slags verknad har dette?
Sjå intervjuet med Samuel Massie i klippet nedanfor. Korleis grunngir han den munnlege forma?
- Diskuter denne påstanden: Viss du forandrar måten du tenkjer på, kan du òg forandre kurs i livet.
- Kan det å skrive om livet hjelpe oss med å leve? Grunngi svaret.
- Kjenner du/de igjen nokon av skildringane av skule eller meistring som Samuel Massie kjem med i teksten?
- Korleis kan vi bruke røynslene som Samuel fortel om for å hindre at andre unge fell ut av skule- og arbeidsliv? Skriv ned eit forslag.
- Oppsummer: På kva måtar tematiserer utdraget frå Hold fast! utanforskap?
- Korleis trur du livet til Samuel Massie kunne blitt om han ikkje hadde kome til dette vendepunktet? Skriv ein alternativ slutt til tekstutdraget der bålet ikkje tek fyr.
- Skriv ein tekst der du beskriv eit vendepunkt i livet. Hovudpersonen er i ferd med å falle utanfor samfunnet, men opplever noko som gjer at hen får mot og vilje til å halde fram. Bruk eit munnleg språk som passar til hovudpersonen din. Finn òg gjerne eit sentralt motiv for forteljinga di, slik Massie har brukt bålet i si forteljing.
Relatert innhald
Oppgåver og aktivitetar
Å droppe ut av skulenSamuel Massie frå boka Hold fast! og Jamal frå Tante Ulrikkes vei droppar ut av skulen. Her skal du samanlikne karakterane.