Marja Bål Nango
Nango vart årets unge kunstnar under den internasjonale urfolksfestivalen Riddu Riđđu i 2011. I 2015 fekk ho debutantprisen Skårungen for kortfilmen Hilbes biigá. Skårungen er ein pris på 25 000 kroner som blir delt ut av Nordnorsk filmsenter.
Andre utmerkingar og nominasjonar
- nominert til Tromsøpalmen (2015) ved Tromsø International Film Festival (TIFF), ein pris som blir delt ut til den beste filmen i sideprogrammet Film fra nord
- tildelt den svenske UR-prisen (2015)
- plukka ut til å delta i konkurranseprogrammet ved både Kortfilmfestivalen i Grimstad og Nordisk Ungdoms Filmfestival
Halvt ditt og halvt datt
Nangos dokumentarfilm Halvt ditt og halvt datt (2011) undersøker kva det vil seie å vere fleirkulturell. Filmen presenterer intervju med personar som høyrer til fleire kulturar. Han diskuterer spørsmål som:
- Kan ein same gifte seg med ein nordmann?
- Kan barnet mitt gå med bunad?
- Kva for språk skal vi snakke heime?
Sjå innslag om filmen Halvt ditt og halvt datt på NRKs distriktsnyheter Nordnytt.
Til refleksjon: Kva vil det seie å vere fleirkulturell? Kva for fordelar og ulemper kan det ha å vekse opp i ein fleirkulturell familie, der ein av foreldra er norsk medan den andre er frå ein annan kultur?