Hopp til innhald

Fagstoff

Kommentert tekst: Vel yrkesfag – bli ingeniør!

Dette innlegget er skrive av ein student som tek ingeniørutdanning på fagskulen. Innlegget følgjer stort sett grunnoppskrifta for femavsnittstekstar: tittel, innleiing, ein hovuddel som består av tre avsnitt, og avslutning.
En ingeniør gjør undersøkelser ved et kraftverk. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Vel yrkesfag – bli ingeniør!

Kommentar

Kort tittel som viser standpunktet til skrivaren og som inneheld ei sterk oppfordring til lesaren.

Innleiing

Er du usikker på kva slags utdanning du skal velje etter ungdomsskulen? Liker du praktiske oppgåver og kunne tenkt deg ei utdanning som gir deg både jobb og gode karriere-moglegheiter? Då bør du velje yrkesfag! Med fagbrev innanfor elektrofag, teknisk og industriell produksjon eller bygg- og anleggsfag er du ein arbeidstakar mange bedrifter ønskjer seg.

Kommentar

Innleiing der skrivaren vender seg direkte til målgruppa. Ho forklarer nærmare kva sak ho tek opp, og kvifor.

Hovuddel, avsnitt 1

Vel du yrkesfag, går du først to år på skule og deretter to år i lære. Men allereie medan du går på skulen, blir du utplassert hos bedrifter, og du får eit unikt innblikk i korleis jobbkvardagen kan bli. Skoledagane blir mykje lettare når du ikkje treng å sitje og grave deg ned i bøker heile tida! Og kjensla av å skape noko og få det til å verke slik som du hadde tenkt, er ei god kjensle som du ikkje får av å lese ei bok.

Kommentar

Argument éin: dei positive røynslene og opplevingane som følgjer med ei yrkesfagleg utdanning.

Hovuddel, avsnitt 2

Ein av dei verkeleg store fordelane med yrkesfag er at du faktisk lærer eit yrke og kan begynne i jobb rett etter fullført utdanning. Du slepp studielån, og du tener pengar lenge før skolekameratane dine som vel studiespesialiserande. Du tener pengar til og med medan du er under utdanning: Som lærling får du ca. 50 % av lønna til ein ferdigutdanna fagarbeidar.

Kommentar

Argument to: økonomiske fordelar ved å velje yrkesfag.

Hovuddel, avsnitt 3

Fagbrevet opnar også for andre spennande utdanningsvegar. Ønskjer du nye jobbutfordringar og høgare lønn, kan du til dømes utdanne deg vidare til ingeniør. Her har du to moglegheiter: Du kan anten gå Y-vegen, som er eit treårig bachelor-studium ved ein høgskule. Y-vegen er berekna på studentar med yrkesfagleg bakgrunn, og han krev ikkje studiekompetanse. Den andre moglegheita er å velje teknisk fagskule, eit toårig yrkesretta studium. Også her kjem du rett inn med fagbrevet ditt. Begge utdanningane gir deg ein ingeniørtittel, og du vil vere ettertrakta på arbeidsmarknaden fordi du har både teoretisk fordjuping og praktisk kunnskap og røynsle.

Kommentar

Argument tre: Mange karrierevegar står opne for deg dersom du vel yrkesfag.

Avslutning

Som du ser, er moglegheitene mange om du vel yrkesfag på vidaregåande. Skulle du likevel bli usikker på om du har valt rett, kan du framleis få studiekompetanse. Då tek du eit påbyggings- år og blir ferdig med skulegangen din samtidig med skolekameratane som går på studie-spesialisering. Du kan til og med ta påbygging etter fullført læretid – om det er dette du vil. Men sjølv er eg ikke i tvil: Yrkesfagleg utdanning er den beste vegen til ein utfordrande og godt betalt jobb. Du har alt å vinne på å velje yrkesfag!

Maria Pedersen,
ingeniørstudent som stortrivst på teknisk fagskule!

Kommentar

Skrivaren minner først lesaren om alt det positive ved eit yrkesfagleg val. Deretter nemner ho eit mogleg motargument, nemleg faren for feilval, og gir lesaren eit beroligande svar. Til slutt gjentek ho (med litt andre ord) oppfordringa som ho kom med i tittelen: "Vel yrkesfag!"

Eit lesarinnlegg skal avsluttast med underskrift. Her har skrivaren også lagt til ein liten «hale», som sjølvsagt skal vere med på å overtyde, han også.

CC BY-NC-SASkrive av Marion Federl.
Sist fagleg oppdatert 04.02.2019

Læringsressursar

Lesarinnlegg