Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Grafitti er hærverk!

Grafitti i ulike farger i en undergang. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Grafitti er hærverk!

No er eg så lei av desse stygge teikningane som dei kallar graffiti! Då eg kom til Fredrikstad med toget førre fredag, måtte eg gå gjennom undergangen ved Fredrikstad jernbanestasjon, og der har nokon sølt til veggene med stygge ”teikningar” i alle moglege fargar.

Noko som er nesten enda verre, er den svarte kludringa som også ”pryder” veggene. Det som er skrive er ikkje leseleg, men det ser ut som ein slags signatur. Uansett: Dette er svært stygt!

De som står bak dette, må skjerpe dykk! Har de ikkje anna å gjere enn å øydeleggje vegger med denne forferdelege målinga? Skaff dykk ein hobby! Dersom de er så glade i å teikne og måle, kvifor ikkje heller teikne og måle på vanleg papir, så de ikkje øydelegg for andre? Kvifor gjer de dette?

Jorunn Hansen

Oppgåve 1

Les gjennom avisinnlegget "Grafitti er hærverk!" av Jorunn Hansen, og svar på spørsmåla.

  1. Kva handlar lesarinnlegget om?
  2. Kva er Jorunn Hansens syn i denne saka?
  3. Har ho valt ein tittel som fungerer godt? Kvifor (ikkje)?
  4. Peik på ord og uttrykk som understrekar korleis ho opplever vegger med grafitti.
  5. Kven vender ho seg til i innlegget sitt?
  6. Vil ho klare å overtyde målgruppa? Kvifor (ikkje)?

Oppgåve 2

Svar på innlegget til Jorunn Hansen. Vel éi av desse rollene:

  • taggar
  • graffiti-kunstnar
  • pensjonist på 70 år
  • representant for NSB
  • kunstskolelærar, 25 år
Grafitti som viser et gråtende brasiliansk barn som ikke har noe annet å spise enn en fotball. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge
CC BY-NC-SASkrive av Marion Federl.
Sist fagleg oppdatert 17.01.2019

Læringsressursar

Å skrive argumenterande