Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Tips til novelleanalyse av "Det ødelagte gjerdet"

Skal du skrive ein novelleanalyse av "Det ødelagte gjerdet"? Her får du nokre tips til korleis du kan gå fram.

Denne ressursen skal vere til hjelp for deg som synest det er vanskeleg å skrive lengre tekstar. Skjønar du ikkje heilt kva du skal sjå etter når du skal analysere tekstar? Spørsmåla under kan forhåpentlegvis hjelpe deg på veg.

I tillegg vil du finne hjelpesetningar som du kan bruke i teksten din. Desse er fine for deg som slit med skrivesperre eller å starte setningar på ein god måte.

Del 1. Motiv

Når du formulerer motivet, skal du ikkje tolke novella. Du skal berre fortelje att det som skjer i novella. Nokre tips:

  • Sjå for deg novella som ein film. Formuler kort (50–100 ord) kva som skjer.
  • Introduser dei to para i novella. Dei er alle fire hovudpersonar.
  • Bruk fagomgrepet "parallellhandling" om oppbygginga av novella. For her er det jo to historier som skjer samtidig.
Hjelpesetningar

Desse setningane kan hjelpe deg til å starte setningane på ein god måte. Dei kan òg hjelpe deg om du står fast i skrivinga. Hugs at det ikkje er meininga at du skal bruke alle!

  • Motivet i novella er ...
  • Vi møter to par ... Det gamle paret er ...
  • Novella er bygd opp av ...
  • Det er sommar, og ...
  • Mot slutten av novella ...
  • I avslutninga av novella ...

Del 2. Tema

Ei presis formulering av det du meiner er temaet, må du sjølvsagt få til sjølv, men her er nokre tips til kva som kan vere viktig å sjå etter:

  • Kvifor trur du forfattaren har valt å byggje opp novella av to parallellhandlingar, der synsvinkelen skiftar mellom eit gammalt og eit ungt par?
  • Dei to para har ulike syn på kva som bør gjerast med gjerdet. Finn sitat i novella som viser dette. Kva kan det bety?
  • Korleis er stemninga og tonen mellom den gamle mannen og den gamle kvinnen? Korleis snakkar dei til kvarandre? Samanlikn med nokre replikkar mellom det unge paret.
  • Kva seier den unge jenta om korleis det må vere å bli gammal? Og kva seier den gamle mannen om å vere ung?
Hjelpesetningar
  • Temaet i novella er ...
  • Dette temaet kjem særleg til syne gjennom parallellhandlinga, då ...
  • Dei ulike syna til para på "det øydelagte gjerdet" viser at ...
  • Når den unge jenta ser gjerdet, seier ho ... (bruk eit sitat)
  • I kontrast til dette står synet til det gamle paret på gjerdet. Dei ...
  • Dei to para har òg ulike syn på ...
  • Kontrasten mellom para blir forsterka om vi ser på stemninga ...
  • Viss vi samanliknar det dei seier om ...

Del 3. Komposisjon

Når du skal skrive novelleanalysar, er det viktig at du skriv om det viktigaste verkemiddelet først. Og i "Det ødelagte gjerdet" er trekk ved komposisjon spesielt viktig å skrive om. Forfattaren har teke nokre val som gjer at komposisjonen skil seg noko ut. Det er viktig å både beskrive desse trekka og reflektere over kvifor han vel å skrive slik.

  • Parallellhandlingane er ein viktig del av komposisjonen. Kanskje kan du bruke fagomgrepet kontrast om stemninga i parallellhandlingane? Kva er det som står i kontrast til kvarandre? Eit tips: Legg merke til korleis kvinnene reagerer når mennene tek dei på låret.
  • Eit viktig verkemiddel er korleis handlinga nesten umerkeleg glir – i ei og same setning – frå det unge til det gamle paret. Finn ein passasje der dette skjer. Kva funksjon har dette?
  • Har novella eit tydeleg høgde- eller vendepunkt? Kvar er i så fall det?
Hjelpesetningar
  • Når det gjeld komposisjonen, er han prega av ...
  • Det oppstår ein kontrast mellom ...
  • Kontrasten ser vi tydeleg i scenen då ...
  • Synsvinkelen vekslar mellom ...
  • Effekten av dette er at ...
  • Høgde/-vendepunktet er då ... / Novella har ikkje noko tydeleg høgdepunkt. I staden ...

Del 4. Synsvinkel

Kva namn vil du setje på forteljar og synsvinkel? Her bør du leggje merke til:

  • Kva pronomen blir brukte? Han/ho eller eg?
  • Kjem vi inn i tankane til nokon av personane?
  • Ligg synsvinkelen hos ein eller fleire av personane i novella?
Hjelpesetningar
  • Forteljaren i novella er ...
  • Synsvinkelen er lagt til ...
  • Vi kjem inn i tankane til ... Dette ser vi når han tenkjer ...
  • Når forfattaren har valt denne synsvinkelen, blir ... forsterka.

Del 5. Andre verkemiddel

  • Gjentakingar: Legg merke til koppane med dei oransje blomstrane, det øydelagte gjerdet og sola.
  • Symbolikk: Sola blir ikkje berre gjenteke, ho kan òg vere eit symbol. Korleis då? Les til dømes avslutninga av novella. Her er sola "raud". Når blir ho det? Og kva kan det bety?
  • Symbolikk: Det øydelagte gjerdet – kva kan det bety? Finn sitat som handlar om dette og reflekter rundt korleis dei to para snakkar om gjerdet.
Hjelpesetningar

Eit viktig verkemiddel i novella er ...

Denne gjentakinga viser at ...

I tillegg blir sola gjenteke, då det står "..." (bruk sitat)

Sola kan symbolisere ...

Også det øydelagte gjerdet fungerer som eit symbol, ...

Alt i alt viser denne symbolikken at ...

Del 6. Tittel og avslutning

Du skal alltid vie tittelen og avslutninga av ei novelle spesiell merksemd når du skriv novelleanalysar. Kanskje har du allereie skrive om "det øydelagte gjerdet" og "den raude sola", men bruk likevel nokre setningar til å reflektere over korleis avslutninga og tittelen er viktig for temaet.

Andre tips
  • Gi novelleanalysen din ein spennande tittel. "Novelleanalyse av Det ødelagte gjerdet" er ikkje det. Tittelen på analysen bør spegle tematikken i novella.
  • Lag ei innleiing og ei avslutning som heng saman – altså ein sirkelkomposisjon. I innleiinga kan du til dømes skrive litt generelt om temaet i novella før du presenterer tekst og forfattar. Då kan du bruke avslutninga til å gripe fatt i denne.

Relatert innhald

CC BY-SASkrive av Åsa Abusland.
Sist fagleg oppdatert 29.04.2020

Læringsressursar

Å skrive novelleanalyse