Petter Dass – diktar og prest
Den norske barokkdiktaren Petter Dass var fødd på Helgeland i 1647. Han studerte teologi i København, men fann snart vegen heim att til Nordland. I 1689 vart han sokneprest i Alstahaug.
Petter Dass er ein fargerik person. Han får barn med ei kvinne utanom ekteskap og må derfor gå botsgang til kongen i København.
Dessutan trur folk han fer med trolldomskunstar. På Nordlandskysten gjekk det segner om at Alstahaugpresten ein gong hadde fått fanden sjølv til å puste i segla på reisa sørover til Bergen.
Da hinmannen skjøl skydssa presten Peder Dass fra Alstahaug i Nordland til Kjøpenhavn i Danmark
Petter Dass skriv både verdslege og religiøse tekstar i poetisk form. Dei religiøse tekstane er til bruk i kyrkjelyden.
Dass er oppteken av folkeopplysning, og i Katechismus-Sange forklarer han heile Luthers vesle katekisme i verseform og med eksempel som er lette å forstå. Den kjende salmen Herre Gud, ditt dyre navn og ære skreiv han som ei forklaring til Fadervår.
HErre GUD! Dit dyre Navn og Ære
Over Verden høyt i Savn maa være,
Og alle Siæle,
og alle Træle
Og hver Geselle
de skal fortælle
Din Ære.Det er smugt og kaasteligt at høre,
At mand GUD sin' Læbers Pligt monn' giøre;
De dyb' Afgrunder,
de grønne Lunder
Skal HErrens Vunder
hver Tid og Stunder
Udføre.Om sig Folk anstille vil saa slemme,
GUds Navn slet at tie still og glemme,
Saa skal dog Stene og tørre Bene
Ey være seene
hands Navn det reene
At fremme.
Dei verdslege tekstane skildrar norsk natur og folkeliv, ofte i ein humoristisk stil. Nordlands Beliggende er eit topografisk diktverk der Dass plasserer Nord-Noreg på kartet og skildrar særdraga ved denne landsdelen. I «Den Nordske Dale-Viise» skriv han om kvardagslege hendingar blant bønder og fiskarar.
5.
Aamund og Gudmund hans Grande,
Boer paa en Gaard, heder Sande,
Disse Toe paa Leye,
Mon eye,
Hver af dem et Pund,
Trættes og hver Stund
Om sin Gaard og Grund,
Ret som Kat og Hund,
Skiendis, bandis, kivis,
Og rivis,
Hvoraf stor Forargelse givis.6.
Aamund og Gudmund i Rette,
Stefnis for Leybols Trette;
Ingen af dem møtte,
Men bøtte
Stefnings Fald og Bod,
Bleve Venner god,
Sig forlige lod,
Sver om Liv og Blod,
At de blive skulde
Tilfulde
Evig gode Venner og hulde.7.
Dagen nest efter sig hændte,
Gudmund hans Øxen de rendte
Ind paa Aamunds Enge
Lit lenge.
Strax var Koen solt,
Djevels Huus blef holt,
Det gick i hans Skolt,
Aamund, stor og stolt,
Slog sin gode Grande
For Pande,
Saa at Blod til Jorden mon stande.Kilde: Den Nordske Dale-Viise
Diktaren si oppgåve i barokken er å hylle Gud og det kongelege eineveldet av Guds nåde. Til slike føremål høver det svært godt med verkemiddel som kontrastfylte bilete, frodige adjektiv og sterke overdrivingar, og diktarane bruker dei i stor monn.
Petter Dass er ingen typisk representant for barokkstilen. Nordlands Trompet rettar seg mot folk av alle samfunnslag. Språket i desse dikta er enkelt og folkeleg, utan store fakter.
I dei religiøse tekstane hans finn vi meir av verkemiddelbruken som er typisk for barokken. Det pedagogiske føremålet med tekstane er likevel det som veg tyngst: Dikta skal gjere det enklare for folk å hugse den kyrkjelege læra. Derfor bruker Dass enkle, faste rytmar, gjentakingar og lett forståelege samanlikningar:
Kom hid, O kiære Christen Lem,
Jeg vil saa kortelige
Paa dine Fingre to Gang' fem
GUDS Bud ved Sang udstige.Saa tit du slaar din' Hænder ud,
Ti Fingre kandst du regne;
Saa mange er og HErrens Bud,
Som læsis allevegne.