Hopp til innhald

Fagstoff

Erasmus Montanus

Erasmus Montanus er ein satirisk karakterkomedie av Ludvig Holberg som blei gitt ut i 1731. I dette stykket gjer han særleg narr av akademisk snobbeskap og liksom-vitskapleg ordkløyveri.

Handlinga i Erasmus Montanus

Hovudpersonen i Erasmus Montanus er bondesonen Rasmus Berg, som har studert til prest i København. Foreldra hans er fulle av nasegrus beundring for sonen og svært stolte over å ha slik ein lærd mann i familien. På 1700-talet er høgare utdanning nemleg framleis eit privilegium for dei få. Dei fleste får berre noko undervisning i kristendom og lesing.

Rasmus har ikkje berre lært teologi, latin og retorikk, han har også blitt nokså innbilsk. Han krev mellom anna at familie, venner og kjende skal bruke den latiniserte forma av namnet hans. Erasmus Montanus tyder heilt enkelt Rasmus Berg på latin, men det kling sjølvsagt mykje flottare enn eit nokså vanleg dansk namn.

Rasmus skal heim til landsbyen sin for å gifte seg med barndomskjærasten Lisbet. Planen er å halde bryllaup og deretter reise tilbake til København med Lisbet så raskt som råd er.

Komplikasjon og løysing

Rasmus føler seg høgt heva over alle andre i landsbyen fordi dei ikkje kan disputere, det vil seie diskutere vitskaplege og lærde emne med han. Han set heile tida i gang dei mest absurde diskusjonane, berre for å vise at han er overlegen. Slik får han folk i landsbyen mot seg.

Han held også på å miste jenta han er forlova med, Lisbet, fordi han påstår at jorda er rund. Svigerforeldra hans er nemleg gudfryktige folk som synest han driv med vranglære, og dei nektar Lisbet å gifte seg med Rasmus med mindre han innrømmer at jorda er flat. Det tilet ikkje byrgskapen til Rasmus, og konflikten verkar fastlåst.

Til slutt speler folk i landsbyen Rasmus eit puss. Dei allierer seg med ein løytnant som skriv ut Rasmus som soldat slik at han må forlate landsbyen. No får dei oppleve ein audmjuk og angrande Rasmus, og dei synest synd på han og vil ha han tilbake. Det endar med at Rasmus går med på å seie at jorda er flat, enda han veit at ho er rund. Da får han Lisbet og alle i landsbyen er godt nøgde.

Relatert innhald

Bli betre kjend med Ludvig Holberg gjennom Holbergspelet.

CC BY-SASkrive av Marion Federl.
Sist fagleg oppdatert 12.05.2021

Læringsressursar

Opplysingstid 1700-talet