Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Holbergspelet

Bli kjend med Noregs mest kjende opplysingsforfattar, Ludvig Holberg, gjennom Holbergspelet. Først skal de konkurrere mot kvarandre i par, medan Holbergeksperten i klassen blir utnemnd i ein finale. Målet er å få innsikt i korleis og kvifor Holberg ønskte å endre samfunnet på 1700-talet.

Oppgåve 1. Holbergspelet

Holberg-spelet skal gjere deg kjend med den største opplysingsforfattaren vår, Ludvig Holberg. Her blir de utfordra på kunnskapar om både biografi, kjende verk og tida han levde i.

Kan de ingenting om Holberg? Ikkje fortvil! De får moglegheit til å bli betre kjende med han undervegs i spelet, gjennom både tekst og videoar.

Spelereglar

  • Sit to og to. Førstemann startar med oppgåve 1. Trykk på talet 1 og gjer oppgåva som høyrer til. Skriv ned kor mange poeng du får etter at du har gjort oppgåva.

  • Deretter startar nestemann på oppgåve 2 og fullfører på same måte. Den som har flest poeng til slutt, vinn spelet!

NB! Det er lurt at begge følgjer med på alle oppgåvene. Etter at spelet er unnagjort, følgjer nemleg ei utfordring som krev at de òg kan svare på spørsmålet til motstandaren.

Oppgåve 2. Kven er Holbergeksperten i klassen?

No skal de finne ut kven i klassen som har fått med seg mest frå spelet. I oppgåva under skal du fylle ut dei orda som manglar i historia om Ludvig Holberg, verka og samtida hans:

Relatert innhald

Oppgåve til kortfilmen Reisen til planeten Nazar, basert på Ludvig Holbergs roman Niel Klims underjordiske reise.

CC BY-SASkrive av Åsa Abusland.
Sist fagleg oppdatert 12.04.2021

Læringsressursar

Opplysingstid 1700-talet