Hopp til innhald
Fagartikkel

Omgrep i lastsikring

Her skal vi sjå nærare på nokre sentrale omgrep som blir brukte i samband med lastsikring.

Lengde

Vi bruker lengdeeiningane meter (m), centimeter (cm) og millimeter (mm).

Vi har denne samanhengen:

1 m = 100 cm = 1 000 mm

Volum

Volumet av eit kasseforma kolli:

volum = breidde x lengde x høgde

Vi bruker volumeiningane kubikkmeter (m3) og liter (l).

Vi har denne samanhengen:

1 m3 = 1 000 l

Masse (vekt)

Vi bruker masseeiningane kilogram (kg) og tonn (t).

Vi har denne samanhengen:

1 t = 1 000 kg

Eigenvekt

Eigenvekta til eit stoff er det same som tettleiken til stoffet. Ho fortel oss kor mange kg ein liter av stoffet veg, eller kor mange tonn ein kubikkmeter (m3) av stoffet veg. Einingane er kg/l eller t/m3.

Eigenvekta, eller tettleiken, til vatn er 1, fordi 1 l vatn veg 1 kg, og 1 m3 vatn veg 1 t.

Tettleiken til granitt er 2,7, fordi 1 m3 granitt veg 2,7 t.

Kraft

Vi bruker krafteininga newton (N). I samband med sikring av last bruker vi av og til også eininga dekanewton (daN). Vi har denne samanhengen:

1 daN = 10 N

Veg du 50 kg og henger deg etter armane i ei stong, vil det verke ei kraft på 500 N, eller 50 daN, nedover.

SHF og STF

Standard handkraft, SHF, er den krafta som blir brukt på handstrammaren for å oppnå STF, som er strammekrafta i bandet.