Reglar for lastsikring på bil
Grunnregelen for all trafikk finn vi i § 3 i vegtrafikklova, som er sitert nedanfor. Lova gjeld sjølvsagt også for sikring av last, men ho seier ikkje noko om korleis og kor mykje lasta skal sikrast.
Enhver skal ferdes hensynsfullt og være aktpågivende og varsom så det ikke kan oppstå fare eller voldes skade og slik at annen trafikk ikke unødig blir hindret eller forstyrret.
Vegfarende skal også vise hensyn mot dem som bor eller oppholder seg ved vegen.
(Vegtrafikklova § 3)
Forskrift om bruk av køyretøy §§ 3-2 og 3-3 (sjå lenke nedst) har meir detaljerte føresegner om kva krav som blir stilte til sikring av last på køyretøy.
Ved å klikke på dei raude pilene på figuren nedanfor kan du sjå kva krav som blir stilte til sikring av gods på bil.
I forskrifta står det også at godset
- ikkje skal slepe på vegen
- skal vere jamt fordelt mellom hjul på same aksling
- skal vere plassert slik at minst 20 % av totalvekta til køyretøyet kviler på framhjula
- skal vere sikra slik at det ikkje fell av køyretøyet
- skal haldast innanfor breidda på køyretøyet
Som du ser, gir ikkje regelverket nokon sterke føringar for korleis lasta skal sikrast.
I retningslinjene European Best Practice Guidelines on Cargo Securing for Road Transport (sjå lenke under) finn vi europeiske normer for sikring av last som gjeld i store delar av EU. Desse normene har blitt gjorde om til norske standardar: NS-EN 12195, Lastsikring på kjøretøy – Sikkerhet, del 1, 2 og 3. Dersom transporten skal gå gjennom til dømes Tyskland, må du rette deg etter dette.
Sverige og Danmark har andre reglar for lastsikring i dag, men kan komme til å vedta dei same reglane om ikkje lenge (2012–2013). Den største skilnaden er at reglane i EU har ei føresegn om sikringsfaktor på utstyret som blir nytta til sikring.