Fagartikkel
Formlikskap
To figurar er formlike når vi ved å forstørre eller forminske den eine figuren kan få ein figur som er lik den andre.
Studer figurane A, B og C. Beskriv skilnader og likskapar mellom figurane.
Som du sikkert har funne ut, er det ein likskap mellom figur B og figur C. Desse figurane har same form. Skilnaden er at figur C er ei forstørra utgåve av figur B. Figur A har ei anna form.
To figurar er formlike når vi ved å forstørre eller forminske den eine figuren kan få ein figur som er lik den andre.