Hopp til innhald
Forsøk

Forsøk: Samanlikn ulike typar mineralull

Undersøk eigenskapane til mineralull, og samanlikn ulike typar.

Mineralull blir laga av stein eller glas

Mineralull er ei samlenemning for ein type materiale som blir brukt som isolasjon i bygningar. Ulla er laga av anten stein (steinull) eller glas (glasvatt).

Føremål

Undersøk eigenskapar til dei to typane mineralull:

  • steinull
  • glasvatt

Framgangsmåte og resultat

Del 1. Eigenskapar til steinull og glasvatt

Undersøk og samanlikn nokre eigenskapar til steinull og glasvatt. Aktuelle eigenskapar kan vere:

  • struktur
  • tettleik
  • absorpsjon av vatn
  • isolasjonsevne
  • brennbarheit
  • evne til å dempe vibrasjon

Del 2. Samanlikn steinull og glasvatt

  1. Lag hypotesar om dei ulike typane mineralull.
  2. Legg ein plan for korleis de vil undersøkje om hypotesane stemmer, og gjer undersøkingar.
  3. Gjennomfør planen.
  4. Presenter det de kjem fram til, på ein oversiktleg måte.
CC BY-SA 4.0Skrive av Thomas Bedin.
Sist fagleg oppdatert 14.04.2020