Forsøk: Massetettleik i metall
Føremål
Finn ut kva metall de får utdelt, ved å bruke massetettleik.
Bakgrunn
Metall har ulike eigenskapar, som leiingsevne, brotstyrke og hardleik. Dei fleste metall er seige og kan hamrast eller valsast.
Frå gammalt av delte ein ofte metall inn i edle og uedle metall.
Kva er tyngst av 1 kg bly og 1 kg bomull?
Dette «lurespørsmålet» handlar om massetettleik, ikkje tyngd. Vi har ei førestilling om at bomull er eit lettare stoff enn bly, og svarer kanskje «1 kg bly» utan å tenkje oss om når vi får dette spørsmålet?
Når vi får tenkt oss om, kan vi vere samde i at 1 kg bly veg like mykje som 1 kg bomull, men 1 kg bly har mindre volum enn 1 kg bomull, slik figuren under viser. Dette gjer at vi «trur» at bly er tyngre enn bomull. Eigentleg er det altså slik at bly har større massetettleik enn bomull.
Framgangsmåte
- Nummerer metalla.
- Undersøk metalla, og skriv ned kva metall de trur det er:
- Vi trur metall 1 er …, fordi …
- Vi trur metall 2 er …‚ fordi …
- Vi trur metall 3 er …, fordi …
- Vi trur metall 4 er …, fordi …
- Finn volumet av dei ulike metalla.
- Veg metalla på ei labvekt.
- Rekn ut massetettleiken til metalla.
Volum av uregelmessig gjenstand
Dersom de har terningar av ulike metall, er det greitt å finne volumet av terningane ved å måle sidene med ein linjal.
Dersom de har bit med ulike fasongar og storleikar, må de finne volumet på ein annan måte. Figuren under gir dykk eit hint.
Resultat
Metall nr. | Masse, g | Volum, | Massetettleik |
---|---|---|---|
1 | |||
2 | |||
3 | |||
4 | |||
5 |
Konklusjon
Samanlikn verdiane for massetettleik som de har rekna ut, med verdiane i tabellen under eller i ein tabell frå verkstadhandboka.
Kan de finne ut kva metall de har fått utdelt?
- Det er ikkje sikkert verdiane de har rekna ut, stemmer med tabellen. Diskuter kva som kan vere årsakene til dette.
- Føreslå andre metodar for å bestemme ukjende metall.
Massetettleik i utvalde metall
metall | tettleik ( |
---|---|
platina | 21,5 |
gull | 19,3 |
bly | 11,3 |
sølv | 10,5 |
kopar | 8,9 |
jern | 7,9 |
tinn | 7,3 |
sink | 7,1 |
titan | 4,5 |
aluminium | 2,7 |
magnesium | 1,7 |
Kjelder
Wikipedia. (2019, 13. november). Tetthet. Henta 27. mars 2020 frå https://no.wikipedia.org/wiki/tetthet