Hopp til innhald
Læringssti

Du er no inne i ein læringssti:
Materiale (BA)

Fagartikkel

Materiale

Materiale blir brukte for å lage produkt. Det finst veldig mange ulike materiale, og det blir stadig utvikla nye. Når vi kjenner eigenskapane til eit materiale, kan vi finne ut kva det eignar seg best til.
Video: Kunnskapsfilm / CC BY-NC-ND 4.0

Materiale er bygde opp av atom

Alle materiale er bygde opp av mindre partiklar: atom, ion og molekyl. Når de jobbar med materiale, tenkjer de kanskje ikkje så mykje på atom og molekyl, men desse partiklane er faktisk grunnlaget for eigenskapane til dei ulike materiala de jobbar med. Partiklane blir tiltrekte av kvarandre og held saman i større eller mindre grad. Dette «samhaldet» er med på å gi materiala sine typiske eigenskapar.

Diskuter

Kva materiale er viktige i det framtidige yrket ditt?

Materiale av same type har liknande eigenskapar

Det er mange ulike måtar å dele inn materiale i grupper på. Føremålet med slike grupperingar kan vere å samle materiale med liknande eigenskapar. Då blir det lettare å få oversikt, og ein kan fokusere på å bli kjend med eigenskapane til dei einskilde gruppene.

Diskuter

  • Under har vi sett opp éin måte å gruppere materiale på. Kva eigenskapar er det teke utgangspunkt i med denne inndelinga, trur de?
  • Kva andre måtar å dele inn materiale på kjenne de til?
  • Kvifor blir brukt ulike system, trur de?

Kvifor treng vi å kjenne eigenskapane til materiala?

I yrket ditt er det sikkert mange situasjonar der du følgjer ein heilt bestemd prosedyre. Det er kanskje gitt på førehand kva materiale og stoff du skal bruke, og korleis du skal behandle dei.

I nokre yrke er det flest slike situasjonar. I andre yrke er det færre faste prosedyrar, og du må oftare vurdere kva materiale du skal bruke.

Uansett yrke vil du hamne i situasjonar der du må gjere eigne vurderingar. Kanskje du til og med skal lage noko ingen nokosinne har laga før! Kanskje det materialet du hadde tenkt å bruke, ikkje er tilgjengeleg, og du må finne ei erstatning? Nokre gonger er det fleire materiale som eignar seg. Då må vi vurdere fleire eigenskapar opp mot kvarandre, slik som funksjonalitet, pris, utsjånad og kor berekraftig materialet er.

Dessutan er produkt og prosedyrar i stadig utvikling. For å kunne utvikle og forbetre produkt treng vi kunnskap om og erfaring med dei stoffa vi allereie kjenner til, og dei nye materiala som blir utvikla og blir oppdaga.

CC BY-SA 4.0Skrive av Thomas Bedin.
Sist fagleg oppdatert 02.04.2020