Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Døme på eksamensoppgåver for bygg- og anleggsteknikk

Her finn du døme på ulike typar oppgåver du kan få til munnleg-praktisk eksamen i naturfag. Øv åleine eller saman med andre, og bli best mogleg førebudd!
Mann skriv med blyant på blokk. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Korleis er eksamensoppgåvene utforma?

Eksamensoppgåva består gjerne av eit breitt tema som dekker mange av kompetansemåla i naturfag. Saman med oppgåva kan du få gitt opp ei liste med forsøk eller andre praktiske oppgåver, der du skal velje ei av desse.

Du bruker førebuingstida til å setje deg inn i det temaet du har fått, og det forsøket du har valt.

Oppgåve 1. Enøk-tiltak

Tenk deg at du jobbar som energirådgivar. Ein familie på fire har kjøpt eit hus frå 1994. Straumrekninga er høg, og familien vil ha tips om korleis ho kan bli lågare.

Sjå Oppdrag: Foreslå enøk-tiltak for å få tips til korleis du kan gå fram ved ein slik førespurnad.

Forsøk

Forslag til forsøk

Forsøk: Solceller og verknadsgrad

Forsøk: Varmefaktor i ei varmepumpe

Forsøk: Samanlikn ulike typar mineralull

Kompetansemål i læreplanen

Mål for opplæringa er at eleven skal kunne

  • utforske og presentere teknologi knytt til eige utdanningsprogram og vurdere han i eit berekraftsperspektiv

  • bruke omgrepa energiovergang, energibevaring og verknadsgrad til å vurdere energiøkonomisering i bygg

  • undersøkje eigenskapane til ulike materiale og overflatebehandlingar og vurdere bruk av desse i eit berekraftsperspektiv

  • risikovurdere eigne forsøk og handtere avfallet frå desse på ein forsvarleg måte

Oppgåve 2. Teknologi og berekraft

Du skal utforske og presentere teknologi knytt til bygg- og anleggsteknikk og vurdere han i eit berekraftsperspektiv.

Aktuelle punkt

  • Kva er teknologi? Gi døme.
  • Korleis blir den aktuelle teknologien brukt i utdanningsprogrammet ditt?
  • Kva fordelar gir denne teknologien?
  • Vurder kva positiv og negativ innverknad teknologien kan ha på ei berekraftig utvikling.
  • Kan teknologien knytast til eitt eller fleire av berekraftsmåla?
  • Foreslå moglege forbetringar av teknologien.
Forsøk

Her må aktuelle forsøk tilpassast den problemstillinga du har jobba med.

Kompetansemål i læreplanen

Mål for opplæringa er at eleven skal kunne

  • utforske og presentere teknologi knytt til eige utdanningsprogram og vurdere han i eit berekraftsperspektiv

  • undersøkje eigenskapane til ulike materiale og overflatebehandlingar og vurdere bruk av desse i eit berekraftsperspektiv

  • bruke omgrepa energiovergang, energibevaring og verknadsgrad til å vurdere energiøkonomisering i bygg

  • utforske ei sjølvvald problemstilling knytt til eige utdanningsprogram, presentere funn og argumentere for val av metodar

Oppgåve 3. Materiale og overflatebehandlingar

Du skal bygge ein platting. Vurder aktuelle materiale og overflatebehandlingar, og foreslå det materialet og den overflatebehandlinga du meiner vil eigne seg best.

Aktuelle punkt

  • Vurder aktuelle materiale og overflatebehandlingar.
  • Planlegg eit forsøk der du skal undersøke effekten av nokre overflatebehandlingar.
  • Forklar og vis korleis du vil gjennomføre eit slikt forsøk.
  • Korleis vil du gå fram for å risikovurdere forsøket?
  • Kva gjer du med eventuelt avfall frå forsøket?
  • Gi ei kort oversikt over livsløpet til eit ferdig produkt, og vurder kor berekraftig produktet vil vere.
Forsøk

Forslag til forsøk

Forsøk: Overflatebehandling av tre

Forsøk: Tørkeprosessen i treverk

Forsøk: Lag di eiga måling

Kompetansemål i læreplanen

Mål for opplæringa er at eleven skal kunne

  • undersøkje eigenskapane til ulike materiale og overflatebehandlingar og vurdere bruk av desse i eit berekraftsperspektiv
  • risikovurdere eigne forsøk og handtere avfallet frå desse på ein forsvarleg måte

  • utforske ei sjølvvald problemstilling knytt til eige utdanningsprogram, presentere funn og argumentere for val av metodar

  • utforske og presentere teknologi knytt til eige utdanningsprogram og vurdere han i eit berekraftsperspektiv

Oppgåve 4. Helse og livsstil

Vel eit aktuelt helse- og livsstilsspørsmål som du drøftar, eller ta utgangspunkt i ein av casane i artikkelen Livsstilsvanar hos norske ungdommar.

Presenter det du finn ut.

Tips!

På sida Livsstilen din ligg det eit rekneark som inneheld resultat frå ei stor undersøking om livsstilen til ungdom.

Vel deg ut eitt eller nokre få område som du undersøkjer nærare. Lag grafiske framstillingar, og presenter det du finn ut.

Aktuelle punkt

  • Kva blir meint med helse?
  • Kva er livsstil?
  • Kva er samanhengen mellom helse og livsstil?
  • Kva meiner du kjenneteiknar god helse?
  • Kvifor er spørsmålet du har valt, aktuelt?
  • Korleis kan du kople spørsmålet til andre kompetansemål i læreplanen?

  • På kva måte er det å ha god helse viktig i det framtidige yrket ditt?

Forsøk

Forslag til forsøk

Forsøk: Påvising av monosakkarid

Forsøk: Påvising av protein og karbohydrat i mjølk

Forsøk: Påvising av stivelse og protein

Forsøk: Enzym i spytt

Kompetansemål i læreplanen

Mål for opplæringa er at eleven skal kunne

  • drøfte aktuelle helse- og livsstilsspørsmål og vurdere kor påliteleg informasjonen frå ulike kjelder er

  • gjere greie for funksjonane til nokre næringsstoff og diskutere kvifor eit variert kosthald er viktig i eit helse- og berekraftsperspektiv

  • risikovurdere eigne forsøk og handtere avfallet frå desse på ein forsvarleg måte

Oppgåve 5. Mat og helse

Framfor deg har du eit utval matvarer (til dømes mjølk, sukker, mjøl, potetmjøl, olivenolje, eple, eggekvite).

  • Planlegg eit forsøk der du skal undersøkje innhaldet av eitt eller fleire næringsstoff i desse matvarene (til dømes påvise stivelse eller protein).
  • Forklar og vis korleis du vil gjennomføre eit slikt forsøk.
  • Korleis vil du gå fram for å risikovurdere forsøket?
  • Kva gjer du med eventuelt avfall frå forsøket?
  • Gjer kort greie for funksjonen til det næringsstoffet du har valt.

  • Kva blir meint med næringsstoff?
  • Vel eitt eller fleire næringsstoff. Gjer greie for oppbygging, bruk og kjelder.
  • Forklar og vis korleis du kan påvise desse næringsstoffa.
  • Kva meiner vi med eit variert kosthald?
  • Kva er samanhengen mellom kosthald og helse?

  • På kva måte er godt kosthald og god helse viktig i det framtidige yrket ditt?

  • Kommenter påstanden "Det er ikkje berekraftig å ete kjøtt".
Forsøk

Forslag til forsøk

Forsøk: Påvising av monosakkarid

Forsøk: Påvising av protein og karbohydrat i mjølk

Forsøk: Påvising av stivelse og protein

Forsøk: Enzym i spytt

Kompetansemål i læreplanen

Mål for opplæringa er at eleven skal kunne

  • gjere greie for funksjonane til nokre næringsstoff og diskutere kvifor eit variert kosthald er viktig i eit helse- og berekraftsperspektiv

  • drøfte aktuelle helse- og livsstilsspørsmål og vurdere kor påliteleg informasjon frå ulike kjelder er

  • risikovurdere eigne forsøk og handtere avfallet frå desse på ein forsvarleg måte

Oppgåve 6. Presenter ei sjølvvald problemstilling

I løpet av skuleåret har du jobba med ei sjølvvald problemstilling. Presenter det du har funne ut, og argumenter for den metoden du valde å bruke.

Aktuelle punkt

  • Kvifor valde du denne problemstillinga?
  • Kva hypotesar har du jobba med?
  • Korleis undersøkte du om hypotesane stemde?
  • Kva fann du ut?
  • Korleis heng det du har funne ut, saman med andre emne i naturfag og andre fag?
  • Korleis er det du har funne ut, relevant for utdanningsprogrammet ditt?
Forsøk

Her må aktuelle forsøk tilpassast den problemstillinga du har jobba med.

Kompetansemål i læreplanen

Mål for opplæringa er at eleven skal kunne

  • utforske ei sjølvvald naturfagleg problemstilling, presentere funn og argumentere for val av metodar

  • risikovurdere eigne forsøk og handtere avfallet frå desse på ein forsvarleg måte

  • utforske og presentere teknologi knytt til eige utdanningsprogram og vurdere han i eit berekraftsperspektiv

Oppgåve 7. Energiøkonomisering i bygg

Gi ei oversikt over ulike tiltak som er aktuelle ved energiøkonomisering i bygg.

Aktuelle punkt

  • Kva blir meint med energiøkonomisering?
  • Gi eit døme på ei energikjede. Bruk dette til å forklare kva som blir meint med energiovergang og verknadsgrad.
  • Foreslå tiltak som gjer at vi kan spare energi i eit bygg.
  • Vurder fordelar og ulemper ved nokre av tiltaka, og foreslå kva tiltak som vil vere best i ulike situasjonar.
Forsøk

Forslag til forsøk

Forsøk: Varmefaktor i ei varmepumpe

Forsøk: Verknadsgrad i ein solfangar

Forsøk: Solceller og verknadsgrad

Kompetansemål i læreplanen

Mål for opplæringa er at eleven skal kunne

  • bruke omgrepa energiovergang, energibevaring og verknadsgrad til å vurdere energiøkonomisering i bygg

  • utforske ei sjølvvald problemstilling knytt til eige utdanningsprogram, presentere funn og argumentere for val av metodar

  • utforske og presentere teknologi knytt til eige utdanningsprogram og vurdere han i eit berekraftsperspektiv

Oppgåve 8. Berekraftige materiale og overflatebehandlingar

Gi ei kort oversikt over nokre vanlege materiale i bygg- og anleggsteknikk, og vurder kor berekraftig bruken av desse er.

Aktuelle punkt

  • Korleis kan vi dele inn materiale i grupper etter kva slags eigenskapar dei har?
  • Kva materiale frå bygg- og anleggsteknikk kjenner du til?
  • Vel eitt materiale eller ei gruppe materiale som du beskriv meir detaljert, til dømes
    • eigenskapar
    • pris
    • berekraft
    • overflatebehandling
  • Kva faktorar avgjer kor berekraftig eit materiale er?
  • Korleis kan overflatebehandling endre eigenskapane til materialet?
  • Korleis påverkar overflatebehandlinga kor berekraftig materialet er?
Forsøk

Forslag til forsøk

Forsøk: Overflatebehandling av tre

Forsøk: Tørkeprosessen i treverk

Forsøk: Lag di eiga måling

Kompetansemål i læreplanen

Mål for opplæringa er at eleven skal kunne

  • undersøkje eigenskapane til ulike materiale og overflatebehandlingar og vurdere bruk av desse i eit berekraftsperspektiv
  • risikovurdere eigne forsøk og handtere avfallet frå desse på ein forsvarleg måte

  • utforske ei sjølvvald problemstilling knytt til eige utdanningsprogram, presentere funn og argumentere for val av metodar

  • utforske og presentere teknologi knytt til eige utdanningsprogram og vurdere han i eit berekraftsperspektiv

Kjelde

Utdanningsdirektoratet. (2020). Læreplan i naturfag (NAT01‑04). Fastsatt som forskrift. Læreplanverket for Kunnskapsløftet 2020. https://www.udir.no/lk20/nat01-04

CC BY-SASkrive av Thomas Bedin.
Sist fagleg oppdatert 18.05.2023

Læringsressursar

Eksamen i naturfag