Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Forsøk: Påvising av monosakkarid

Fat med oppskåret frukt. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Formål

Vise korleis vi kjemisk kan påvise monosakkarid.

Innleiing

Fehlings væske er ein mørkeblå løysning som skifter farge til
mursteinsraudt når vi varmar opp væska med eit monosakkarid itillegg til disakkarida mjølkesukker (laktose) og maltsukker (maltose). Væska held på blåfargen når ho blir varma opp med sukrose eller stivelse. Dersom vi held mjølkesukker og maltsukker utanfor dette forsøket, kan vi bruke Fehlings væske til å påvise monosakkarida glukose og fruktose.

Framgangsmåte

  1. Ha i 1/2 teskei glukose, fruktose og sukrose i kvart sitt
    reagensrør.
  2. Merk med merketeip og tusj, slik at du kan halde styr på kva som er i dei ulike reagensrøra.
  3. Tilset eit par milliliter vatn i kvart av dei tre reagensrøra og rist godt. Til sist set du til 1 mL Fehlings væske i kvart rør.
  4. Plasser dei tre reagensrøra i eit vassbad på ei varmeplate - reaksjonen går raskare ved høg temperatur.
  5. Reaksjonane i dei tre røra varierer. Før vi plasserte røra i vassbad, hadde alle tre ein mørkeblå farge etter tilsetjing av den mørkeblå Fehlings væske. Når røra har stått i vassbad i nokre minutt, endrar fargen seg. Noter dei endringane du fekk.
CC BY-SASkrive av Bjørg E. B. Aurebekk.
Sist fagleg oppdatert 21.11.2018

Læringsressursar

Næringsstoff