Hopp til innhald

Fagstoff

Næringsgrunnlaget i Noreg

Norsk næringsgrunnlag har tradisjonelt handla om det primærnæringane som jordbruk, fiske og skogbruk har levert. I dag er næringsgrunnlaget endra, og meir handlar om omarbeiding og tenesteyting. Samtidig er oljeverksemda vår største næring.
Lossing av fiskefangst i havna på Røst. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Næringsgrunnlag

Næringsgrunnlaget og korleis det er fordelt er viktig for både arbeidstakarar og den private økonomien deira, men også for samfunnet rundt og korleis samfunnet og bedrifter tener pengar. Ei såkalla i eit lokalsamfunn kan bidra til arbeidsplassar, ikkje berre i bedrifta, men også i tenester knytte til kommunane. Produksjon og eksport skaper god økonomi for samfunnet. Viss hjørnesteinsbedrifta blir lagd ned, har det stor påverknad på både samfunnet og innbyggjarane.

Tradisjonelle næringar

Tradisjonelle næringar som fiske, jordbruk og skogbruk har vore viktige i Noreg i lang tid. Her ser vi likevel ein del strukturendringar. Strukturendringar betyr at det er store endringar som har tyding for korleis ting blir produserte eller omarbeidde, og kor mange som har arbeid knytt til næringane.

Fiskeri

Fisk har alltid vore ein av dei viktigaste eksportvarene våre, og er det framleis. Men oppdrettsnæringa har teke over ein stor del samanlikna med dei tradisjonelle fiskeria. Talet på fiskarar har gått ned, men norske båtar leverer framleis ei stor mengd fangst. I 2019 gjekk verdien på fangst opp frå året før, og det er torskefisket som er mest verdifullt.

I 2019 passerte fiskeeksporten 100 milliardar kroner. Ca. 21 milliardar av desse kom frå fisk teke opp med båt. Resten av eksportinntektene stod altså oppdrettsnæringa for, som i all hovudsak eksporterer laks. Noreg produserer halvparten av all atlantisk oppdrettslaks i verda.

Jordbruk

Når det gjeld jordbruk, er det enorm nedgang i talet på bruk etter andre verdskrigen. Mange gardsbruk er lagde ned, spesielt småbruk. Ifølgje SSB er det pr. 2019 ein nedgang på nesten 20 % i talet på gardsbruk siste tiår, og ein total nedgang på 60 % siste tretti år. Desse tiåra har det skjedd ei strukturendring der ein har fått stadig færre, men også stadig større bruk. Eit gardsbruk med kjøttproduksjon på storfe eller svin har altså gjerne større besetning av dyr enn tidlegare. Det same med korn- og grønsaksproduksjon.

Norske landbruksprodukt, anten det er kjøtt, mjølkeprodukt eller plantar, blir i all hovudsak selde i Noreg, sjølv om noko òg blir eksportert. Noko kjøtt og ein god del ost blir eksportert.

Skogbruk

Noreg har mykje skog, men ikkje all skog er drivverdig (som ein kan ha økonomisk utbytte av). Av alle skogeigedommar i landet er det berre ein liten del som driv med hogst. Talet på skogeigedommar med hogst har gått ned 11 % dei siste ti åra. Fordi færre høgg, blir det òg meir skog.

Hogst av tømmer går både til industri og til ved. Industri som utnyttar tømmer, er mellom anna cellulosefabrikkar som lagar papir.

Når det gjeld eksport til utlandet, har tømmer gått mykje opp, medan eksport av foredla skog, som til papir, har gått ned dei siste 10–15 åra.

Bergverk og industri

Industrialiseringa i Noreg starta på midten av 1800-talet, og etter tiår med både oppgang og nedgang, vart det ei storstilt utbygging frå byrjinga av 1900-talet. Dette hadde samanheng med kraftutbygging og med det tilgang på elektrisitet.

Utnyttinga av vasskrafta til elektrisitet gjorde at busetjinga i Noreg mange stader vart konsentrert rundt industristader med smelteverket som livsgrunnlag. Smelteverka var kraftkrevjande og vart gjerne plasserte inst i ein fjord nær vassdrag som kunne utbyggast, og med tilgang til sjøen, som gjorde at ein kunne få frakta både råvarer til smelteverka og produkta ut igjen.

Det var altså industribygging og kraftutbygging som gjorde at mange norske byar og tettstader opphavleg er bygde rundt det vi kallar hjørnesteinsbedrifter.

Arbeid ved smelteomnane ved nå nedlagte Odda Smelteverk. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Nokre døme er Rjukan og Notodden, der Norsk Hydro bygde kunstgjødselfabrikkar. På Rjukan sysselsette både fabrikken og vasskraftanlegget mange arbeidarar. På Kongsberg og Røros fekk bergverka, eller gruvedrifta, eit oppsving på grunn av elektrisiteten. Det tredje største verket i landet kom på Løkken i Trøndelag med Orkla Grube-Aktiebolag, som ville utvinne svovelkis. I Kirkenes sysselsette A/S Sydvaranger 1400 mann for å hente ut jernmalm.

Bergverka leverte råstoff til smelteverka mange stader i landet. Årdal og Mo i Rana fekk tungindustri og er kjende stader med kvar si store hjørnesteinsbedrift. Dette er stader der ein òg til dels har klart overgangen til fornying og ny type industri.

Olja

Etter at ein oppdaga store førekomstar av petroleum, altså råolje og naturgass, på norsk kontinentalsokkel på 1960-talet, og starta med funn og utvinning av petroleum utover på 1970-talet, har oljeverksemda vorte Noregs største næring. Det handlar om talet på tilsette, eksport og kva det har gjort med den norske økonomien.

Noreg har på grunn av olja ein sterk økonomi og eit tryggingsnett i Oljefondet. Oljefondet vart vedteke i 1990 og skulle vere ein buffer for finansane til staten. Inntektene frå oljeverksemda blir overførte til fondet. Det viktigaste var at det var langsiktig planlegging til den dagen olja tek slutt og ein kan ha behov for større sikkerheit basert på fondet. I dag er Oljefondet eit av dei største i verda og har eigardelar i 9000 selskap verda over. I 2019 passerte fondet 10 000 milliardar kroner. Det svarer til nesten 1,9 millionar kroner per innbyggjar.

Olje- og gassverksemda og leverandørar knytte til denne bransjen står for omtrent 60 % av all norsk eksport.

Kjelder

CC BY-SASkrive av Inga Berntsen Rudi.
Sist fagleg oppdatert 23.06.2020

Læringsressursar

Næringsgrunnlag, innovasjon og teknologi