Hopp til innhald

Fagstoff

Næringsstrukturen i Noreg

På arbeidsmarknaden blir arbeidskraft kjøpt og seld. Arbeidsgivarane ser på arbeidskraft som eit gode som dei ønskjer å kjøpe, medan arbeidstakarane vel å selje arbeidskrafta si. Det er sannsynleg at verdien av arbeidskrafta aukar med relevant arbeidserfaring og utdanningsnivå.
Fiskeindustri. Kvinne arbeider med å sortere laks. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Dei ulike næringane

I arbeidslivet skil vi gjerne mellom primær-, sekundær- og tertiærnæringar. I tillegg trekkjer vi eit skilje mellom privat og offentleg sektor.

utgjer første del av næringsstrukturen. Her finn vi dei som dyrkar eller fangar råvarer frå naturen, og som sel desse varene til andre. Typiske primærnæringar er jordbruk, skogbruk, fiske og fangst. Å vere fiskar er med andre ord eit typisk yrke innanfor primærnæringane.

Det er først når råvarene blir tilarbeidde og gjorde om til produkt, at vi snakkar om . Etter at fiskaren har levert råvarene sine til fiskemottaket, blir fisken tilarbeidd til varer som blir selde i butikkane. Det er sjølve tilarbeidinga som kjem inn under omgrepet sekundærnæring. Sekundærnæringane kan vere bergverksindustri, oljeutvinning, vareproduserande industri, vass- og kraftforsyning, bygg og anlegg osv.

Når råvara fisk blir seld vidare frå fiskeforedlingsbedrifta til butikkar og restaurantar, kjem inn i biletet. Dei tilsette i butikken sel varene til deg, og kokkane sel sine tenester og dugleikar når du går ut for å ete. Prisen på råvara ligg langt over det fiskaren ein gong fekk betalt for å selje fisken i første omgang. Næringar som kjem inn under tertiærnæringane, er til dømes varehandel, hotell- og restaurantverksemd, transport og kommunikasjon og privat og offentleg tenesteyting.

Offentleg eller privat?

Næringsstrukturen i Noreg har både offentlege og private aktørar. Dei private aktørane er vanlegvis bedrifter som lever av å selje varer og tenester. Offentleg sektor leverer òg varer og tenester til innbyggjarane, men har ikkje same målet om å tene pengar. Dei er finansierte av pengane som kjem inn i statskassa til dømes gjennom skattar og avgifter. Dei offentlege verksemdene er drivne av kommunar, fylkeskommunar eller staten. Kommunar er til dømes ansvarlege for barnehagane og sjukeheimane i kommunen du bur i. Fylkeskommunen er ansvarleg for dei vidaregåande skulane i fylket du bur i, og er mest sannsynleg arbeidsgivaren til læraren som underviser i samfunnsfag. Staten er ansvarleg for den overordna styringa av landet og handhevar dei lovene og reglane som politikarane vedtek. Arbeidstilsynet, som du får lese meir om under dette hovudområdet, er eit døme på ein slik statleg etat. Om lag 30 prosent av alle arbeidstakarane i Noreg arbeider i offentleg sektor, medan resten, 70 prosent, arbeider i privat sektor.

I teorien kan alle varer og tenester bli produserte i privat sektor, men vil det vere heldig for alle i samfunnet? Dette er eit politisk spørsmål som stadig står på agendaen. Det er kanskje greitt at frisørane ikkje er tilsette av staten, men kva med skulane? Hadde skulen du går på, blitt betre dersom han var driven av private? Fordelen for staten (eller fylkeskommunen) ville vere at dei slapp å bruke inntektene frå skattar og avgifter på å drive skulen. Men i norsk samanheng får private skular omfattande økonomisk støtte frå staten. Slik sett fungerer private skular meir som alternativ til dei offentlege skulane enn som reine private bedrifter.

CC BY-SASkrive av Jan Erik Auen.
Sist fagleg oppdatert 03.03.2017

Læringsressursar

Næringsgrunnlag, innovasjon og teknologi