Berekraftig utvikling
Omgrepet "berekraftig utvikling" vart først brukt i rapporten Vår felles framtid frå 1987. Rapporten vart utgitt av Verdskommisjonen for miljø og utvikling, nedsett av FNs generalsekretær Javier Perez de Cuéllar. Kommisjonen vart leidd av tidlegare statsminister i Noreg, Gro Harlem Brundtland, og blir ofte omtalt som Brundtland-kommisjonen. Han skulle løyse både fattigdoms- og miljøproblem, og bidrog til å forandre måten vi jobbar med miljø- og utviklingsspørsmål.
Berekraftig utvikling er eit globalt omgrep som er basert på solidaritet med kommande generasjonar, i tillegg til alle dei som lever i dag. Det er ei anerkjenning av at vi har berre éin klode, med ei avgrensa mengde ressursar, og at det er i vår felles interesse å ta vare på ho.
For å skape berekraftig utvikling må verdssamfunnet jobbe på tre område:
- klima og miljø
- økonomi
- sosiale forhold
Dette blir ofte kalla dei tre dimensjonane i berekraftig utvikling. Det er samanhengen mellom desse tre dimensjonane som avgjer om noko er berekraftig. FNs berekraftsmål er vår felles arbeidsplan for å utrydde fattigdom, kjempe mot forskjell og stoppe klimaendringane innan 2030. Då måla vart vedtekne i 2015, var det med ei ny forståing for at økonomi, ulikskap og miljø påverkar kvarandre i større grad enn vi trudde tidlegare. For ikkje å bruke opp den einaste kloden vi har, må vi finne løysingar som balanserer belastninga på miljøet med forbruket og økonomien vår og finne betre måtar å fordele ressursane på. Det er berekraftig både for menneska og miljøet.