Økologisk fotavtrykk
Økologisk fotavtrykk er eit uttrykk for kor mykje vi belastar jorda sine økosystem for å oppretthalde levestandarden vår. Dette blir uttrykt som areal. Gjennom forbruket vårt legg vi beslag på areal i mange land.
Det økologiske fotavtrykket ditt fortel kor stort produktivt areal av land og sjø som trengst for å
- produsere det du forbruker av mat, tekstilfibrar, trevirke og mange andre produkt
- absorbere avfall og utslepp frå forbruket ditt
Det økologiske fotavtrykket ditt er summen av mange små areal som er spreidde over heile verda. Dette er areal som går med til å dyrke den maten du bruker.
Produksjon av kjøt krev større areal enn produksjon av korn, og mykje av den maten vi et, er dyrka i utlandet.
Organisasjonen Global Footprint Network bereknar kvart år "Earth Overshoot Day". Dette er den dagen i året då landa i verda har brukt opp alle ressursane som jorda klarer å attskape det året. Resten av året er det overforbruk av naturressursar: vatn, fisk, skog og mineral. I 2024 kom denne datoen 1. august, mens han i ei berekraftig verd skulle ha vore 31. desember. I 1971 var "World Overshoot Day" 21. desember. Alle år sidan har dagen komme tidlegare og tidlegare.
Finn ut!
På kva dato når vi "World Overshoot Day" om alle i verda har det same forbruket som deg?
Ta testen på What is your Ecological Footprint?
Relatert innhald
I denne artikkelen ser vi på kva klimagassutsleppet til nordmenn er, og kvifor Noreg sine utslepp ikkje seier alt om klimagassutsleppet mitt og ditt.
Ein kan bruke den påverknadskrafta ein har som forbrukar, til å forsøkje å påverke utviklinga i samfunnet.