Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Nautisk mil og knop

På sjøen snakkar vi om den nautiske mila. Ei nautisk mil er 1852 meter. Når vi snakkar om fart på sjøen, nyttar vi knop. 1 knop betyr éi nautisk mil per time. På land snakkar vi om kilometer per time. I denne oppgåva skal vi rekne på fart og avstand til sjøs.
Kart som viser sjømerke, grunner og det du treng for å navigere til sjøs. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Døme 1

Kor lang tid tek seglasen når farten er 7 knop og distansen er 21 nautiske mil?

Seglasen tek: 21 nautiske mil (nm) / 7 knop (kn) = 3 timar.

Døme 2

Kor lang tid bruker du på 7 nautiske mil når farten er 10 knop?

Hugs at det er 60 minutt i ein time.

7 nm / 10 knop = 0,7 timar. 0,7 x 60 = 42 minutt.

Oppgåver: Rekn ut

  1. Ein reknar ut utseglt distanse. Kor mange nautiske mil legg vi bak oss på 12 timar viss båten går med 9 knop?
  2. Klokka er 17.00. Vi skal vere i land med fangst om 14 timar. Distansen er 110 nautiske mil. Kva er klokka når vi legg til kai, og kva er gjennomsnittsfarten?
  3. Kva kan vere lågaste fart vi må ha for å vere i land klokka 08.00 neste morgon?
  4. På ein båt med marsjfart på 10 knop kan ein halvere drivstofforbruket ved å redusere farten til 8 knop. Når vi køyrer i 10 knop, er drivstofforbruket 80 liter per time. Prisen er 12 kroner per liter. Kor mykje har vi spart i liter og kroner ved å redusere farten frå 10 til 8 knop?
CC BY-SASkrive av Kyrre Pettersen og Ragnhild Kjeldsen.
Sist fagleg oppdatert 27.02.2020

Læringsressursar

Grunnleggjande omgrep og måleiningar