Hopp til innhald

Fagstoff

Toleransar og passingar

Her skal vi sjå på ulike typar passingar og toleransar.

Passingar

Når vi lagar ein aksel og ei boring som skal passe saman, må vi ta omsyn til to toleransar: toleransen på akslingen og toleransen på boringa. Då bruker vi omgrepet passing, som vil seie korleis dei to delane passar saman når vi tek omsyn til toleransane.

Klaringspassing

Denne passinga har klaring mellom boring og aksel i heile toleranseområdet.

Mellompassing

Denne passinga kan både ha klaring og lett press, alt etter kvar ein ligg i toleranseområdet.

Presspassing

Denne passinga har press mellom aksel og boring i heile toleranseområdet.

Toleransar

Behovet for toleranse og passingar for maskinerte arbeidsstykke oppstod hovudsakleg som følgje av unøyaktigheit under tilverknadsprosessar. For at funksjonane skulle tilfredsstillast, såg ein på det som tilstrekkeleg å tilverke arbeidsstykket slik at måla låg innanfor to tillatne område, det vil seie ein toleranse. Dette er ein tillaten variasjon av storleiken på det ferdige produktet.

Toleransar for ikkje toleransesette mål (NS-ISO 2768-1)

Basismål

Tillatne avvik (mål i mm)

Over t.o.m.

t.o.m.

Fin

Middel

Grov

Meget grov

0,5

3

± 0,05

± 0,1

±

±

3

6

± 0,05

± 0,1

± 0,2

± 0,5

6

30

± 0,1

± 0,2

± 0,5

± 1

30

120

± 0,15

± 0,3

± 0,8

± 1,5

120

315

± 0,2

± 0,5

± 1,2

± 2

315

1 000

± 0,3

± 0,8

± 2

± 3

1 000

2 000

± 0,5

± 1,2

± 3

± 4

2 000

4 000

± 0,8

± 2

± 4

± 6

4 000

8 000

±

± 3

± 5

± 8

8 000

12 000

±

± 4

± 6

± 10

12 000

16 000

±

± 5

± 7

± 12

16 000

20 000

±

± 6

± 8

± 12

Nærmeste IT grad 1)
t.o.m. 500 mm

12

14

16

17

Relatert innhald

Eit lager er eit maskinelement som støttar opp akslar og gjer at akslane kan bevege seg med minst mogleg friksjon.

Gjenge er eit tema ein mekanikar må kunne mykje om. Det er ikkje berre på skruar vi har gjenge. Dei blir òg nytta i ei rekkje andre samanhengar.

CC BY-SASkrive av Industriskolen og Haldor Hove.
Sist fagleg oppdatert 26.11.2021

Læringsressursar

Grunnleggjande omgrep og måleiningar