Hopp til innhald

Fagstoff

Mineral

Mineral er stoff kroppen treng i små mengder. Dei er viktige byggesteinar og hjelpestoff som vi må få gjennom maten.

Mineral – byggesteinar og hjelpestoff i små mengder

Minerala er nødvendige for mange prosessar i kroppen vår. I motsetning til vitamina er fleire mineral viktige byggesteinar i kroppen. Særleg skjelettet er avhengig av mineraltilførsel. Mineral er òg viktige for at nervesystemet og musklane skal fungere normalt.

Trass i at dei ulike uorganiske minerala til saman berre utgjer ein liten del av kroppsvekta, er dei svært viktige.

Vi deler minerala inn i to hovudgrupper:

  • mineralstoff
  • sporstoff

Mineralstoff

Mineralstoff treng vi relativt mykje av. Dei fungerer som byggesteinar i kroppen. Nokre viktige mineralstoffer er fosfor, kalsium, magnesium og natrium.

Tabell med mineralstoff som viser i kva matvarer vi kan finne mineralstoffa, og kva funksjon dei har i kroppen. Illustrasjon.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Fosfor

Mesteparten av fosforet i kroppen finn vi som kalsiumfosfat i skjelettet og tennene. Omsetninga av fosfor og kalsium heng tett saman.

Kalsium

Kalsiumion er heilt nødvendige for oppbygginga av skjelettet og tennene, for at musklane skal kunne trekke seg saman, for overføring av impulsar i nervene og for at blodet skal koagulere.

Kalsiumion er det mineralstoffet vi har mest av i kroppen. Mjølk og ost er svært rike kjelder for kalsiumion. Vi treng vitamin D for å ta opp kalsiumion frå maten.

Magnesium

Magnesiumion verkar saman med mange enzym og arbeider med omsetninga av energi i kroppen og i produksjonen av protein og arvestoff.

Natrium

Natriumion trengst for å halde oppe ein normal trykkforskjell mellom innsida og utsida av celleveggene, og dei er derfor nødvendig for salt- og væskebalansen i og utanfor cellene. Dei er òg nødvendige for at muskel- og nervecellene skal fungere normalt, og for å regulere pH-balansen.

Kalium

98 prosent av det totale innhaldet av kaliumion i kroppen finn vi i cellene. Kaliumion regulerer saltbalansen og er til liks med natriumion med på å regulere trykkforskjellen mellom innsida og utsida av celleveggane.

Kalium og natrium må vere til stades for at nerveimpulsar skal kunne forplante seg langs nervetrådane. Særleg mykje kaliumion er det i bananar, grønsaker og poteter.

Bananar som ligg i ein haug. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Sporstoff

Sporstoff er mineral som vi treng veldig små mengder av, men fleire av sporstoffa er livsnødvendige. Det vil seie at mangel kan føre til sjukdom og i verste fall død. Det er vanleg å dele inn sporstoffa i to grupper: dei livsnødvendige, som jern, jod og sink, og dei giftige, som bly og kadmium.

Tabell med sporstoff som viser i kva matvarer vi kan finne sporstoffa, og kva funksjon sporstoffa har i kroppen. Illustrasjon.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Jern

Jernion er heilt nødvendige fordi dei både fraktar oksygen til cellene og inngår i enkelte enzym som trengst i energiomsetninga. Dei viktigaste kjeldene til jern er grovbrød og andre grove kornprodukt, kjøtt, leverpostei og grøne bladgrønsaker. Vitamin C aukar jernopptaket frå maten.

Jod

Jodion er viktige for å halde oppe eit normalt stoffskifte sidan dei er med i utviklinga av hormonet tyroksin i skjoldbruskkjertelen. Tyroksin er eit hormon som er med på å regulere energiomsetninga i kroppen. Saltvassfisk er ei god kjelde til jod.

Torsk i tareskog. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Sink

Sinkion hjelper til med å transportere karbondioksid frå cellene til lungene, og dei er med i omsetninga av fleirumetta feittsyrer. Sinkiona er viktige for immunsystemet, inngår i insulin, aktiverer enkelte enzym, og dei får sår til å gro.

Giftige sporstoff

Ørsmå mengder av ei lang rekke giftstoff finst i kroppen hos alle menneske. Desse stoffa har til vanleg ingen innverknad på helsetilstanden vår. Ved aukande konsentrasjonar kan dei derimot påverke kroppsfunksjonane nokså mykje. Kadmium og bly er dei viktigaste sporstoffa som er giftige.

Relatert innhald

CC BY-NC-SASkrive av Bjørg E. B. Aurebekk og Øyvind Bønes. Rettshavar: NKI Forlaget
Sist fagleg oppdatert 30.01.2023

Læringsressursar

Næringsstoff