Hopp til innhald

Fagstoff

Finne staden, finne vegen

Dei fleste veit at kinesarane fann opp kompasset – noko som gjorde det mykje lettare for sjøfararar å halde rett kurs over mørke havstrekningar. Kinesarane stod òg bak ei rekkje andre oppfinningar. Men for dei gamle kinesarane var det vel så viktig å finne den rette staden som å finne vegen.
Turister ser på kompass
Opne bilete i eit nytt vindauge

Eigenarten til ein stad

Eit viktig felt innan tradisjonell kinesisk spådomskunst var å finne gunstigast mogleg plassering eller utforming av forskjellige typar anlegg i forhold til omgivnadene, slik at rørslene i energien på staden kunne slå positivt ut for brukarane. Det tradisjonelle kinesiske omgrepet for dette er fēngshuǐ 风水, direkte omsett «vind og vatn», som står for den ibuande energien i naturen. (Det tradisjonelle vestlege namnet på dette er geomantikk, «jord-spådomskunst», som derimot er ein annan spådomstradisjon.)

Det blei brukt mange rituelle reiskapar for å finne den gunstigaste plasseringa eller utforminga. Allereie rundt starten av vår tidsrekning tok ein i bruk jarnsteinar, som var naturleg magnetiske. Ein forstod at desse retta seg mot (dei magnetiske) polane, derfor blei dei kalla sīnán 司南 – «(det som) styrer mot sør» – eller (seinare) zhǐnánzhēn 指南针 – «nåla som peiker mot sør».

Magnetjarnsteinen

I det kunnskapspolemiske verket Lúnhéng 论衡 – «Diskursar på tvers» – av Wāng Chōng 王充 frå ca. år 75 blir det fortalt om ein magnetisert gjenstand forma som ei skei som svinga mot sør når ho blei plassert på bakken. Tekstar frå rundt år 1000 nemner at magnetiserte steinar var nyttige for å finne retninga i krevjande omgivnader.

Første gong vi kan lese at kompassnåla blei brukt i navigering til sjøs, er i ein tekst frå rundt 1115. Der seiest det at ein navigerer med nåla som peiker mot sør, når det er mørkt og ingen stjerner. Kompasset kunne ta form av ei opphengd innretning, men som oftast tok det form av ei magnetisk nål som flaut i ein bolle med vatn.

Gammelt kinesisk kompass
Opne bilete i eit nytt vindauge

Vegen vestover

Bruken av kompasset for å navigere til sjøs spreidde seg vestover, men akkurat korleis og når det skjedde, er uklart. Havgåande kinesisk sjøfart vaks kraftig under den siste halvdelen av Sòng-dynastiet (1127–1279). Arabarar og persarar dominerte handelsverksemda i Indiahavet, og bruk av kompasset blir nemnt første gong i persiske og arabiske tekstar på 1200-talet. Men det er òg nemnt i ein engelsk tekst så tidleg som på slutten av 1100-talet. Også her i Norden var vi tidleg ute med å ta i bruk denne innretninga. I den islandske Hauksbok frå ca. 1300 står det at menn som segla på havet, brukte ein leidarstein, som fungerte som eit flytande kompass.

Bruken av kompasset spreidde seg raskt då ein forstod kva for moglegheiter det gav, noko som førte til ønske om å vidareutvikle det. Allereie på starten av 1300-talet konstruerte italienarane skipskompass som etter kvart blei vidareutvikla. Dermed blei det mellom anna etter kvart mogleg for europearar å segle trygt til Kina.

Kartkunnskap

Men korleis orienterer ein seg på landjorda? Ein treng kart til det. I Vesten nådde den greskromerske karttradisjonen høgdepunktet med Klaudios Ptolemaios (100–168), men han blei etter kvart erstatta av ein religiøs kartografi med Jerusalem i sentrum av verda. Den ptolemeiske tradisjonen blei ikkje teken opp att før på 1400-talet.

Den europeiske karttradisjonen opplevde ein relativ tilbakegang i nesten tusen år, mens Kina sine eigne karttradisjonar blei utvikla i same tidsrom. Dei eldste kinesiske karta som er bevarte per i dag, skriv seg frå det fjerde hundreåret før vår tidsrekning.

To kart over Kina blei på 1100-talet rissa inn i steinbautaer (kan sjåast på Steinbautamuseet, Shílín bówùguǎn 石林博物馆 i Xī’ān 西安). Dei viser ein overlegen kartkunnskap for den tida. Mot slutten av 1300-talet, då det nye dynastiet Míng (1368–1644) blei konsolidert, blei det utarbeidd nye kart både over Kina og den dåverande kjende verda. Det finst nyare utgåver av desse, som er arbeidde vidare med, mellom anna det koreanske Kagnido-kartet 混一图 og det kinesiske Komposittkart over Det store Ming, Dà Míng hùnyī tú 大明混一图. Dei viser den store kunnskapen om dåtidas kjende verd, som blei spreidd då mongolane dominerte på 12–1300-talet. Det største namnet innan tradisjonell kinesisk kartkunst er Zhū Sīběn 朱思本 (1273–1337).

Utviklinga av offisiell kinesisk kartvitskap stoppa nærmast opp på slutten av 1500-talet. Men at kinesisk kartvitskap utvikla seg regionalt, er det såkalla Selden-kartet eit bevis på. Det blei funne att i Bodleian-biblioteket ved Oxford-universitetet i 2008. Kartet skriv seg frå starten av 1600-talet og er eit kinesiskprodusert maritimt kart som viser seglingsruter mellom søraustkysten av Kina og dåverande land og byar i Aust- og Søraust-Asia.

Den italienske jesuitten Matteo Ricci stod for ein ny start. Rundt år 1600 fekk han trykt eit verdskart i Beijing, inspirert av den hollandske kartografen Abraham Ortelius sitt verdskart frå 1570. Men denne kunnskapen blei ikkje popularisert i Kina.

Da Ming Hunyi Tu
Opne bilete i eit nytt vindauge

Å spørje om vegen

Viss du har reist ein del i meir tradisjonelle samfunn, vil du ha erfart at det kan vere vanskeleg å spørje folk om vegen på eit kart. På den andre sida vil det sjeldan skorte på gode forslag, som ofte spriker. Den konkrete verda er lettare å gripe enn kartsymbol.

Korleis navigerer så dagens mobilbaserte kinesarar? Dei bruker ikkje GPS, men eit kinesiskutvikla system kalla BeiDou satelittbasert navigasjonssystem (BDS, Běidǒu wèixīng dǎoháng xìtǒng 北斗卫星导航系统). Kanskje har det ført til at dei forstår nettbaserte kartsymbol raskare enn foreldra deira gjorde med kart på papir?

Relatert innhald

CC BY-SASkrive av Harald Bøckman.
Sist fagleg oppdatert 12.06.2017

Læringsressursar

Leksjon 8: Å spørje om vegen