Introduksjon
I denne læringsstien skal du lese og setje deg inn i hovudteksten til leksjonen På date.
Når du er ferdig med denne læringsstien, skal du
- kunne lese og forstå innhaldet i teksten
- forstå glosene i teksten
- ha fått ei grunnleggjande forståing av grammatikken i leksjonen
- vite korleis du inviterer nokon på date
- vite korleis du fortel at du er interessert i å bli kjend med nokon
- vite korleis du aksepterer og avslår ein invitasjon
- vite korleis du fortel om hendingsgangen på ein date
- vite korleis du seier kva du synest om nokon sin personlegdom
- vite korleis du forklarer kvifor eller kvifor ikkje du vil treffe nokon att
- vite korleis du set fokus på forskjellige element i ei setning
- vite korleis du bruker spørjeord til å uttrykkje at alt (av noko) er inkludert
- vite korleis du bruker komplekse retningskomplement til å angi retninga på ein bevegelse