Hopp til innhald
Læringssti

Du er no inne i ein læringssti:
By og land i Kina i dag

Skrive av Luying Wang Belsnes og Ole Fossgård.
Sist oppdatert 21.04.2020
Oppgåve

By og land i Kina i dag – studiespørsmål

Dette er studiespørsmål du kan arbeide med etter å ha lese artikkelen By og land i Kina i dag. Bruk Internett og eventuelt andre hjelpemiddel. Finn svar på spørsmåla, og diskuter i klassen.

  1. Den urbane befolkninga i Kina har vakse raskt. Leit på nettet etter prognosar for f.eks. 2050.
  2. Kvifor er det rimeleg å kalle dagens migrantar for «andrerangs borgarar»?
  3. Det er gjort fleire overslag over kor stor overkapasitet av nye bustader den langvarige bustadspekulasjonen i Kina har skapt. Søk på nettet, og finn ulike overslag.

Relatert innhald

Fagstoff
By og land i Kina i dag

Kinesiske byar har ekspandert kraftig dei siste 30 åra. Bak denne veksten skjuler det seg eit særeigent forløp.

CC BY-SA 4.0Skrive av Harald Bøckman.
Sist fagleg oppdatert 21.07.2017