Hopp til innhald

Fagstoff

By og land i Kina i dag

Kinesiske byar har ekspandert kraftig sidan 80-talet. No har Kina meir enn sju hundre storbyar – etter kinesisk målestokk. Veksten har hatt eit særeigent forløp. Byane har innlemma jordbrukssamfunn, og landsbyane har etter kvart glidd i eitt med nye urbane omgivnader. Det har nokon tent godt på.
Våtmarksområder utenfor Hong Kong. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Kven eig kva?

Dette særeigne forløpet for urbanisering, chéngshìhuà 城市化, seier mykje om måten Kina har oppnådd større økonomiske musklar på. Dersom ein skal forstå desse prosessane, må ein forstå korleis eigedomsforhold til jord/grunn fungerer i Kina. All jord tilhøyrer i siste instans staten, men det finst forskjellige former for eigedomsrett: statleg og kollektiv.

I tradisjonelle urbane område er jorda i hovudsaka eigd av staten, men på landsbygda har eigedomsretten vore kollektiv, dvs. eigd av jordbrukssamfunn, noko som speglar det faktum at landsbygda lenge var organisert i såkalla folkekommunar (1958–83). Etter at folkekommunane blei avskaffa, fekk bønder sjansen til å leige jord, men landsbyane beheldt eigedomsretten. Det finst med andre ord ingen privat eigedomsrett til jord i Kina i dag, berre privat bruksrett.

Den særeigne urbaniseringsprosessen har gjennomgått fleire parallelle prosessar i løpet av dei siste 35 åra. Resultatet er at meir enn halvparten av befolkninga i landet i dag bur i byområde, men migrantar har ikkje dei same rettane som andre bybuarar. Vidare har landsbybuarar mista både kollektivt eigd jord og grunn og blitt marginaliserte, ettersom byane har vakse utover.

Nye innflyttarar

Då den økonomiske utviklinga skaut fart på 80-talet, skjedde det dels på område som staten eigde, og dels rundt industriell verksemd som hadde grodd opp innanfor dei tidlegare kollektiva. Dei nye industrielle motorane trong mykje arbeidskraft, og denne kom frå landsbygda. Der hadde mange blitt overflødige etter at det kollektive jordbruket blei avskaffa. Men kvar skulle dei bu?

Mange større industriar bygde sovesalar for arbeidarane «sine». Migrantane, som levde opp til namnet «flytande befolkning», líudòng rénkǒu 流动人口, måtte derimot ta seg arbeid der det var å finne, og dei som etter kvart ønskte å stifte familie som migrantar, måtte finne seg anna husvære enn sovesalane ved fabrikken.

Det gav ein gylden sjanse for bynære landsbysamfunn. Dei sette i gang ei storstilt utbygging av bustadkompleks – ofte av dårleg kvalitet – på den kollektivt eigde grunnen. Dei blei raskt velståande ved å leige ut til migrantar. Etter kvart kunne ein landsby ese ut til å bli ein liten by. Det kunne gjerne bu ti gonger så mange migrantar der som opphavlege landsbybuarar. Men berre dei opphavlege bebuarane hadde burett, ikkje dei nye bebuarane, som jo var i stort fleirtal. Korleis kunne det ha seg?

Sesongarbeidere plukker te på en teplantasje i Kina. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Heimstavnsrett og -urett

Dette kjem av eit særeige system som blei innført på slutten av 50-talet, der rettane og godane til enkeltpersonar blei knytte til staden dei budde på, gjennom eit hushaldsregister, hùjí 户籍. Det førte til at mobiliteten til folk blei kraftig avgrensa. Dersom ein ville flytte til byen, måtte ein søkje om det. Dersom ein berre flytta utan løyve, mista ein alle dei rettane og godane ein hadde hatt i lokalsamfunnet gjennom heimstavnsretten, hùkǒu 户口. Ein levde då teknisk sett illegalt i byen, utan rett til helsetenester, utdanning for barna eller høve til å skaffe seg eigen bustad.

I perioden frå 1982 til 2017 har fleire hundre millionar kinesarar reist til byane for å søkje arbeid. Og sjølv om det har blitt gjort ein del for å betre livsvilkåra deira, har tiltaka berre vore ein drope i havet. Dei blir framleis rekna som andreklasseborgarar og blir treffande nok kalla «bondearbeidarar», eller nóngmíngōng 农民工.

To fiskere i en liten båt utenfor Hong Kong. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Kven tek kva?

Dei industrielle motorane trong meir grunn til å ekspandere. I Kina kan staten ta over jord «dersom det er i samfunnet si interesse», som det heiter. Det har skjedd ei storstilt ekspropriering av kollektivt eigd jord. Styresmaktene gav låg kompensasjon for den kollektive jorda og selde disposisjonsretten vidare til dei utviklarane og spekulantane som baud høgast. «Mellomlegget» har vore ei viktig inntektskjelde for lokale urbane styresmakter, og mange embetsmenn og landsbyleiarar har vore flinke til å sikre seg sin del «under bordet». Denne korrupte verksemda har vekt stor harme og tidvis lokale opprør blant landsbybuarane, som har mista livsgrunnlaget sitt og ikkje fått det utbytet av eigedomsoverføringane dei hadde krav på.

Det siste trinnet i denne urbaniseringsprosessen har bestått i å gå laus på utleigekompleks som landsbybuarane hadde bygd på den kollektivt eigde grunnen. Slike bustadkompleks hadde ofte dårleg standard, og det kunne vere så som så med sanitærforholda. Bystyresmakter har ofte argumentert med at ein trong å «pynte opp» slike område ved å sanere dei. Dessutan trong ein plass til å byggje fleire og betre bustader for dei vanlege bybuarane, som for det meste hadde fått ein mykje høgare levestandard.

Bønder gjødsler åker
Opne bilete i eit nytt vindauge

Vinnarar og taparar

Det er mange som har skodd seg godt på denne prosessen, men han har òg skapt mange taparar. For det første har det ført til at migrantar, som kanskje var i ferd med å slå rot, måtte reise vidare. For det andre fekk huseigarane i landsbyen så låg kompensasjon for den grunnen dei måtte forlate, at dei blei marginaliserte på bustadmarknaden. For det tredje har det ført til ei tidvis blind bustadutbygging, med det resultatet at den mest alvorlege latente økonomiske bobla i Kina i dag ligg der det for ikkje lenge sidan låg fredelege og «søvnige» landsbyar. Og i dag er desse blitt til urbane landsbyar, chéngzhōngcūn 城中村.

Relatert innhald

CC BY-SASkrive av Harald Bøckman.
Sist fagleg oppdatert 21.07.2017

Læringsressursar

Leksjon 6: Å handle klede