Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Bli betre i kinesisk – skriveoppgåve

I denne oppgåva skal du lage ein leksjon i kinesisk.
Studentar på universitetet. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Kinesiskleksjon

Lag ein læringssti eller ein leksjon i kinesisk på grunnleggjande nivå. Vel eit tema, og set saman eit opplegg av tekstar, videoar, oppgåver og så vidare. Bruk og tilpass ressursar du finn på NDLA og/eller andre stader på internett, og lag gjerne òg nokre ressursar sjølv. Oppgåvetekstar og rettleiingstekstar kan vere på norsk.

Du kan bruke stier.ndla.no til å setje saman ressursane i ein læringssti. Det går òg an å bruke fagpresentasjonsverktøyet på h5p.org, andre biletpresentasjonsverktøy eller eit vanleg tekstdokument.

La nokon andre i klassen gå gjennom læringsstien/leksjonen din og gi deg tilbakemelding om kva som var bra og kva som kan forbetrast.

Relatert innhald

CC BY-SASkrive av Ole Fossgård.
Sist fagleg oppdatert 13.05.2020

Læringsressursar

Leksjon 15: Bli betre i kinesisk