Prosentpoeng
Døme: prisauke på is
Prisen på ein bestemd is vart auka frå 30 kroner til 33 kroner. Kor stor var auken i prosent?
Auke i prosent
Prisen auka med 3 kroner. Det betyr at auken i prosent var
Døme: auke av oppslutning om eit politisk parti
Meiningsmålingar viste at oppslutninga om eit politisk vart auka frå 30 prosent i oktober til 33 prosent i november. Kor stor var auken i prosent?
Auke i oppslutning i prosent
Dette er dei same tala som i dømet med isen over. Partiet har derfor auka oppslutninga si med 10 prosent.
🤔 Tenk over: I det førre dømet auka prisen med 3 kroner, sidan måleininga til prisen er kroner. Kva er måleininga i dømet med partioppslutninga?
Måleininga til oppslutninga
Oppslutninga blir målt i prosent, %.
🤔 Tenk over: Vi kan likevel ikkje seie at oppslutninga auka med 3 prosent. Kvifor ikkje?
Forklaring
Vi får eit problem her fordi måleininga er i prosent. Vi slo fast over at auken var på 10 prosent, og auken kan ikkje vere både på 10 prosent og 3 prosent.
Prosentpoeng – når storleiken blir målt i prosent
Når vi skal beskrive auken i prosenttalet i dømet med oppslutning, seier vi at partiet auka oppslutninga med 3 prosentpoeng. Som vi såg, betyr ein auke på 3 prosentpoeng her at auken i oppslutninga var på 10 prosent.
Eit anna politisk parti fekk 20 prosent oppslutning på ei meiningsmåling. Det var ein nedgang frå den førre målinga på 4 prosentpoeng.
🤔 Tenk over: Kva var oppslutninga på den førre målinga?
Oppslutning på den førre målinga
Oppslutninga var
Kor stor var nedgangen i prosent?
Nedgang i prosent
Vi må finne ut kor mange prosent 4 % er av grunnlaget, den opprinnelege oppslutninga på 24 %. Då reknar vi ut prosentfaktoren. Nedgangen var på