Oppgåve
Interesseorganisasjonar
Det er vanskeleg å seie sikkert kor mange som har nedsett funksjonsevne i Noreg, då det ikkje vert ført noko samla statistikk over talet på menneske med nedsett funksjonsnivå.
Ei undersøking gjort blant revmatikarar synte at ein tredel av desse ikkje reknar seg sjølve som funksjonshemma. Kanskje hadde det talet vorte annleis om ein hadde spurt om dei har nedsett funksjonsevne.
Interesseorganisasjonar vil ha oversikt over talet på medlemmer, men det er slett ikkje alle som ønskjer å vere medlem i slike organisasjonar, og dermed kan ikkje medlemstala brukast til å seie noko om talet på dei med nedsett funksjonsnivå.
Utfordringar til deg
- Kva kan grunnen vere til at nokon ønskjer å vere med i ein medlemsorganisasjon, men andre ikkje ønskjer det?
- Søk på nettet etter ulike interresseorganisasjonar for menneske med funksjonshemming. Gjer deg kjent med sidene.