Utviklingshemming
Utviklingshemming er ei samlenemning for ei rekke ulike tilstandar eller diagnosar. Felles kjenneteikn er at evna til å lære og til å klare seg i samfunnet, er meir eller mindre redusert.
Kognitiv svikt fører til at funksjonar som tenking, merksemd, minne, læring og språkforståing er reduserte.
Diagnostiske kriterium
Det er tre diagnostiske kriterium for å kunne gi den medisinske diagnosen psykisk utviklingshemma:
- redusert mental funksjon
- mangelfull tilpassing
- tilstanden har vist seg før personen fylte 18 år
Innan medisinen er det nå vanleg å klassifisere psykisk utviklingshemming i fire kategorier:
- lett
- moderat
- alvorleg
- djup
Årsaker
Utviklingshemming kan ha mange årsaker.
- kromosomfeil
- stoffskiftesjukdommar
- infeksjonar og sjukdommar som raude hundar under svangerskapet
- fødselsskadar som til dømes for tidleg fødsel og låg fødselsvekt
- etter fødselen kan det vere skadar i samband med sjukdommar som hjernehinnebetennelse, hjernebetennelse eller skadar ved ulykker
Personar med ei lett utviklingshemming vil trenge lengre tid til å lære og å utvikle ulike funksjonar. Dei vil ha problem med abstrakte omgrep og å setje seg inn i korleis andre tenker. Dei vil kunne lære å lese, skrive og enkel rekning, men oppgåver der mange faktorar spelar saman, vil vere vanskeleg å takle. Desse barna skil seg ikkje mye frå andre barn dersom dei vert møtte med forståing.
Personar med ei moderat utviklingshemming vil ha vanskar med å generalisere. Dei er avhengige av det konkrete. Dei kan teknisk lære å lese, men tolkninga av det dei les, kan vere vanskeleg. Dei forstår nærmiljøet sitt ut frå eigne røynsler og konkrete opplevingar, men tid kan vere vanskeleg å forstå.
Utfordringar til deg
- Kva er utviklingshemming?
- Kva for tre diagnostiske kriterium finst for å kunne seie at eit menneske er psykisk utviklingshemma? Drøft kva kriteria betyr.
- Nemn nokre årsaker til utviklingshemming.
- Kva må du som fagarbeidar ta omsyn til når du skal kommunisere med brukarar som har ei utviklingshemming?