Hopp til innhald
Oppgåve

Korleis verkar fordøyinga?

Kva skjer med maten vi et, og korleis kjem næringsstoffa ut til cellene i kroppen? I denne oppgåva kan du lære meir om dei ulike fordøyingsorgana og prosessane som skjer i fordøyingssystemet.

Til desse oppgåvene treng de plakatkartong, lim og ting frå naturen som kan nyttast til å byggje ein modell av fordøyingssystemet. I tillegg treng de ei pakke linfrø til den praktiske øvinga.

Oppgåver

  1. Lag ein modell av fordøyingssystemet. Bruk modellen til å forklare klassen kva som skjer frå maten kjem inn i munnen, til avføringa går ut av endetarmen.

    1. Set namn på dei ulike fordøyingsorgana.
    2. Fortel kva som skjer i dei ulike delane av fordøyingsprosessen.
  2. Kva råd om tiltak for å betre fordøyinga vil du som fagarbeidar gi til brukarar i helse- og oppvekstsektoren? Grunngi forslaga dine.

Praktisk øving

Fordøyingssystemet jobbar i ulikt tempo frå person til person, og det blir òg påverka av kva vi et og drikk og av aktivitetsnivået vårt.

  1. Et ei spiseskje linfrø og drikk rikeleg med vatn.
  2. Følg med på avføringa di framover. Når du kan observere linfrøa i di eiga avføring, noterer du dato og klokkeslett på ein lapp. Ikkje skriv namnet ditt på lappen.
  3. Etter ei veke samlar de inn lappane frå alle i klassen. Lag eit diagram som viser dei ulike svara. Kor stor er variasjonen, og kva blir gjennomsnittstida frå frøa går inn, til dei kjem ut?
CC BY-SA 4.0Skrive av Vigdis Haugan.
Sist fagleg oppdatert 04.06.2020