Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Kva skjer når vi pustar?

Som regel tenkjer vi ikkje over at vi pustar for å tilføre kroppen oksygen og kvitte oss med karbondioksid. Men korleis går eigentleg denne prosessen i lungene føre seg?

Sjå filmklippet frå NRK om lungene, og gjer dei følgjande oppgåvene.

Oppgåver

  1. Teikn ei skisse av respirasjonssystemet, og set namn på alle respirasjonsorgana.
  2. Kvifor er den eine lunga mindre enn den andre?
  3. Teikn eller lag ein modell av ein alveol og eit kapillær. Bruk dette til å forklare korleis gassutvekslinga i lungene går føre seg. Bruk fargane raudt og blått for å illustrere oksygenrikt og oksygenfattig blod.
  4. Kva blir meint med lungekapasitet?

    1. Kvifor har idrettsutøvarar betre lungekapasitet enn personar som ikkje trenar?

    2. Korleis kan du trene opp lungekapasiteten din?

CC BY-SASkrive av Vigdis Haugan.
Sist fagleg oppdatert 08.06.2020

Læringsressursar

Respirasjonssystemet