Hopp til innhald

Fagstoff

Cella si oppbygging og funksjon

Sjølv om celler er veldig ulike, har dei noko felles. Inni alle celler er det ulike organellar som utfører oppgåvene som skal til for at cella skal halde seg i live og kunne gjere jobben sin.
Oppbygging av typisk menneskecelle. Illustrasjon.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Celler er levande. Det betyr at dei må:

  • ta opp næring
  • gjere om næringsstoff til energi
  • ta opp oksygen
  • halde seg sjølve ved like
  • skilje ut avfallsstoff
  • dele seg

Vegar inn i og ut av cella

Cellemembranen held cella saman. Men cella må ta opp oksygen og næringsstoff, og ho må gi frå seg avfallsstoff. I cellemembranen er det portar som regulerer kva for stoff som skal få sleppe inn og ut. I menneskekroppen tek cellene opp stoffa dei treng frå blodet, og dei gir frå seg avfallsstoff til blodet.

Transport

Nokre av portane i cellemebranen er alltid opne. Oksygen slepp igjennom utan vidare så lenge det er mykje oksygen i blodet på utsida av cella.

Andre portar må opnast spesielt for å sleppe igjennom stoff. Dette gjeld til dømes for glukose. For at glukose skal sleppe gjennom cellemembranen, må det vere insulin til stades på utsida. Vi kan seie at insulin er nøkkelen som opnar porten for glukose i cellemembranen.

Kommandosentralen til cella

Det er arvestoffet som regulerer alt som skjer i cella. Arvestoffet ligg i cellekjernen. Det kjemiske namnet på arvestoffet er DNA. Arvestoffet er organisert i ein eller fleire trådar, som vi kallar kromosom.

Kraftsentralen til cella

For å kunne gjere jobben sin må cella ha energi. Det får ho frå næringsstoff som ho tek opp frå omgivnadene. Energien frå næringsstoffa må forbrennast slik at energien blir frigjort og gjort om til ei form som kan nyttast av cella. Dette skjer i mitokondriane som gjer om energien i næringsstoffa til små energipakkar som blir kalla ATP. Alle organellane kan nytte ATP som energikjelde.

Proteinfabrikken til cella

Alle celler produserer protein som blir nytta inni cella eller skilt ut til omgivnadene. Produksjonen av protein skjer i ribosoma.

Sjølve proteinproduksjonen skjer ved at ribosomet får oppskrifta til proteinet frå cellekjernen, det får energi (ATP) frå mitokondriane, og det finn dei naudsynte aminosyrene i cytoplasmaet. Så kan ribosoma kople aminosyrene saman i riktig rekkjefølgje. For at proteinet skal verke, må rekkjefølgja av aminosyrer vere rett. Det er derfor viktig at ribosomet følgjer oppskrifta.

I ribosoma blir det mellom anna produsert:

  • protein som dannar strukturar som hår og negler på eit menneske
  • protein som inngår som byggjesteinar i cellene.
  • protein som skal styre kjemiske prosessar. Desse proteina blir kalla enzym.
  • hormon, som til dømes insulin, som skal bli gitt til blodet for å regulere glukoseinnhaldet. Insulin er eit protein.

Mutasjon

Nokre gonger blir det feil. Det kan kome av at det var feil i oppskrifta som kom frå cellekjernen. Ein slik feil i oppskrifta, arvestoffet, blir kalla ein mutasjon. Til dømes kan det vere feil i oppskrifta til det enzymet som sørgjer for produksjon av fargepigment i huda. Enzymet vil da ikkje verke, og personane som har denne feilen i arvestoffet sitt, vil mangle pigment i huda. Vi seier at personen er albino. Ein feil i arvestoffet er arveleg.

Reinhaldsverket til cella

I ei celle skjer heile tida fleire tusen kjemiske reaksjonar. Dette fører til at det blir danna avfallsstoff som blir brotne ned og frakta ut av cella. Dette tek lysosoma seg av. Dei bryt ned stoff og fraktar restane ut av cella gjennom cellemembranen.

Cytosol

Cella er fylt av ei væske som heiter cytosol. I denne væska flyt organellane. Cytosol består for det meste av vatn og oppløyste stoff som glukose og aminosyrer. Her skjer alle dei kjemiske reaksjonane som gjer at cella er levande.

Cytosol saman med alle dei andre strukturane i cella, bortsett frå cellekjernen, blir gjerne kalla cytoplasma.

Metabolisme

Dei kjemiske reaksjonane som skjer i ei celle, blir med eit fellesnamn kalla for stoffskifte. Eit anna ord for stoffskifte er metabolisme.

Mange organismar består av berre ei einaste celle. Desse organismane blir med eit fellesnamn kalla for mikroorganismar.

CC BY-SASkrive av Trine Merethe Paulsen, Guri Bente Hårberg og Camilla Øvstebø.
Sist fagleg oppdatert 03.05.2021

Læringsressursar

Cella