Hopp til innhald
Oppgåve

Bli kjent med celler og vev

Menneskekroppen består av mange ulike typar celler og vev. Cellene har mange fellestrekk, men fordi dei har ulike funksjonar, er det òg mykje som er ulikt.

Oppgåver

  1. Teikn ei celle. Sett namn på dei ulike delane i cella, og skriv stikkord om oppgåvene deira.
  2. Lag ei oversikt over dei ulike vevstypane i kroppen.
  3. For at vi skal kunne leve, er det naudsynt at cellene får energi. Forklar kort korleis dette går føre seg.
  4. Kva betyr celledeling, og kva er det som gjer at dei nye cellene blir like dei gamle?
  5. Kva blir meint med at cellene er spesialiserte? Bruk døme til å forklare.
CC BY-SA 4.0Skrive av Vigdis Haugan.
Sist fagleg oppdatert 02.06.2020