Hopp til innhald

Fagstoff

Forplantingsorgana

Evna menneska har til forplanting er avgjerande for å føre menneskja vidare. Kvinnelege og mannlege kjønnsorgan har spesifikke oppgåver for at eggceller og sædceller skal møtast slik at forplanting kan skje.
Kvinnelege forplatningsorgan. Illustrasjon.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Både menn og kvinner har ytre og indre kjønnsorgan. Dei har ulik funksjon og form, og dei har som oppgåve å styre forplantinga slik at nye liv kan bli til.

Kjønnsorgan hos menn

Kjønnsorgana hos menn består kort sagt av penis og testiklar. Sjølve penis har ulik form og storleik. Dei to testiklane ligg i holrom i pungen og har som oppgåve å produsere sædceller. Modne sædceller blir lagra i toppen av kvar testikkel. Sædleiaren har muskulatur som trekkjer seg saman og fører til sædtømming.

Urinrøyret til mannen går frå botnen av urinblæra gjennom prostatakjertelen og bekkenbotnsmuskulaturen. Urinrøyret er cirka 20–25 cm langt og transporterer både urin og sædvæske. Ereksjon er i fysiologien forklart som ei forbigåande oppsvulming av organ der det er auka blodgjennomstrøyming og samantrekking av glatt muskulatur.

Kjønnsorgan hos kvinner

Dei indre kjønnsorgana til kvinner er livmora, eggleiarane og eggstokkane. Dei ytre er kjønnsleppene, klitoris og skjeden. Livmora ligg inst i skjeden. Opninga i livmora er for at sædcellene skal inn og befrukte eggcellene som har vorte leidde inn i ein av eggleiarane når dei er modne.

Menstruasjonssyklus

Kvinner har ein menstruasjonssyklus som har som hensikt å gjere klare egg til befrukting. Når egga ikkje blir befrukta, blir det ei bløding hos kvinna. Dette skjer omtrent kvar månad og blir kalla menstruasjon. Saman med eggløysing kan det vere både smertefullt og gi ulike plager. Menstruasjon blir kjenneteikna av nokre dagar med blødingar frå skjeden. Det er ulikt frå kvinne til kvinne korleis ho opplever menstruasjonen.

Befruktinga

For at ei kvinne skal bli gravid, må ei eggcelle smelte saman med ei sædcelle, og det befrukta egget må feste seg i livmorveggen. Denne samansmeltinga skjer vanlegvis under samleie, men kan òg skje via assistert befruktning.

Ved samleie blir penisen til mannen ført inn i skjeden til kvinna. Sædcellene går frå testiklane til mannen via prostata til urinrøyret. I prostata blir sædcellene blanda med sædvæske, og under sæduttømminga (ejakulasjonen) kjem sædcellene inn i skjeden. Deretter vandrar sædcellene gjennom livmora ut til eggleiarane, og dersom ei sædcelle treffer ei moden eggcelle, kan det skje ei befrukting. Når eit egg blir befrukta, byrjar det å dele seg og vekse i livmorslimhinna i livmora.

I denne dokumentarfilmen frå NRK kan du følgje heile prosessen frå befrukting til fødsel med programleiar Line Jansrud frå Newton.

Kjelder

Grünfeld, B. & Almås, E. (2019). Seksualitet. I Bolstad, E. (Red.), Store medisinske leksikon. Henta 5. juni 2020 frå https://sml.snl.no/seksualitet

Holck, P. (2019). Kjønnsorganene. I Bolstad, E. (Red.), Store medisinske leksikon. Henta 4. juni 2020 frå https://sml.snl.no/kjønnsorganene

Nesheim, B.-I. (2020). Morkake. I Bolstad, E. (Red.), Store medisinske leksikon. Henta 4. juni 2020 frå https://sml.snl.no/morkake

CC BY-SASkrive av Hege Nikolaisen og Vigdis Haugan.
Sist fagleg oppdatert 04.06.2020

Læringsressursar

Forplantingssystemet