Hopp til innhald
Film og filmklipp

Samisk mat i eit moderne kjøkken

Samisk mat er på menyen på fleire hotell- og restaurantkjøkken. Sjå korleis kokken og lærlingane jobbar med å ta vare på dei samiske rettane med ein ny vri. Arven frå den samiske matkulturen står sterkt hos kokken som fører kunnskapen vidare til lærlingane og inn i det moderne kjøkken.
Video: Filmkonsulentene / CC BY-SA 4.0

Refleksjonsoppgåver til filmen

Sjå filmen "Samisk mat i eit moderne kjøkken" og svar på oppgåvene.

  1. Korleis kan ein behalde samiske tradisjonar i eit moderne kjøkken?
  2. Kvifor er det viktig å ta vare på samiske mattradisjonar?
  3. Kva kan vi lære av dei samiske mattradisjonane?
  4. Gi døme på korleis den samiske mattradisjonen varetek heile dyret, haustar av ressursar og lagrar dette.